Job Description

Published 20-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Ringevikar – Serviceteknikar ved Hjelpemiddellageret

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune søkjer etter ringevikar til Hjelpemiddellageret. Som ringevikar vil du verta kontaka om vi av ulike årsaker har fråvere som sjukdom, ferieavvikling og liknande.

Som serviceteknikar tek du del i hjelpemiddelformidling lokalt. Ein typisk arbeidsdag består vanlegvis i utkøyring og montering av hjelpemidlar, mindre reperasjonar, utpakking av innkomne varer, reinhald av innleverte hjelpemiddel og liknande. Du som av ein eller anna årsak har ekstra tid og som likar å ta i eit tak, vere fysisk aktiv og ha ein variert arbeidsdag passar perfekt for oss! For å nå fram i vår langstrakte kommune vert det ein god del timar i bil,  så trivst du med å køyre bil kan det vere ein fordel.

Du får opplæring og det kan vere føremålstenleg å ta deg fast inn i ein kortare periode for å setje deg inn i arbeidsoppgåvene. Oppmøtestad er Dimmelsvik.

Arbeidsoppgåver 

  • Utkøyring, montering og service/reperasjonar av hjelpemiddel 
  • Reinhald av hjelpemiddel
  • Halde lageret ryddig og organisert

Kvalifikasjonar og erfaring

  • Interesse for og basiskunnskap i praktisk arbeid (reparasjonar ol.) vil vere ein fordel. Har du til dømes ein liten hobbymekaniker i deg kan det vere eit godt utgangspunkt.
  • God fysisk helse, det kan verta nokre tunge løft
  • Førarkort klasse B, fordel med BE
  • Godt norsk språk

 

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, men likar å samarbeide med andre
  • Nysgjerrig, engasjert og med evne til å jobbe strukturert

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Aktivitet og rehabilitering orgnr:
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted ROSENDAL (Adresse: Rosendalsvegen 10 Postnr: 5470)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/81c68b79-826c-4e58-8644-fa32a21416e3
IMPORTAPI