Ringevikar på vaskeri – Opro AS

Industri og produksjon Tekstil og presisjonsarbeid

(2 days ago)

Job Description

Published 02-01-2025
Deadline: 16-01-2025

 

Ringevikar på vaskeri

Arbeidsglad og fleksibel ringevikar søkjast

Hva vi ser etter

Å jobbe på vaskeriet vårt er todelt. Vi har ein produksjon vi må ivareta og kundar som forventar levering på kort tid. For oss er det viktig at vi yter god kundeservice og leverer topp kvalitet. I jobben som ringevikar i produksjon må du vere tilgjengeleg, fleksibel, nøyaktig, sjølvstendig, uthalden, i fysisk god form, lærevillleg, samt ikkje vere redd for å handtere ordresystem og kasse.

Fordi vi er ein bedrift som tilrettelegger arbeid for personar som treng tett oppføging, er det viktig at ringevikaren er glad i folk. Den må vere inkluderande, omsorgsfull, tydeleg, ha gode kommunikasjonsevner, samt gi god kundeservice til kundane.

Fordi det kan vere nødvendig å stille opp som sjåfør er det viktig at personane som er vikar har sertifikat klasse B. Køyrerutene er på Osterøy.

Det krevjast politiattest.

Arbeidsoppgaver

Vårt vaskeri treng ny ringevikar då vår trufaste ringevikar gjennom mange år har valt å pensjonere seg. Vi treng ein ringevikar som kan stille opp på kort varsel og som ikkje er redd for å ta i eit tak.

Ringevikaren hjå oss får full opplæring og vil ved behov fungere som ein av to arbeidsleiarar på vaskeriet. Den som er vikar vil ikkje ha like mykje ansvar som den andre som er fast tilsett, men må likevel rekne med å rettleie personar som er på tiltak, samt sjå kva som trengs å gjerast.

Arbeidstida kan variere, men er på dagtid i kvardagane. Det forventast også at ein kan jobbe enten 2.juledag eller påskeaftan iløpet av eit år, og vi treng ein vikar som kan jobbe eit par veker om sommarane. Utover dette er det ved behov, enten på grunn av stor arbeidsmengde, ferieavvikling eller sjukdom.

Vi tilbyr

  • God lønn- og pensjonsordning

  • Eit triveleg og godt arbeidsmiljø

  • Stillingsprosenten varierer iløpet av året og er ikkje fast

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Opro AS orgnr: 972379573
Kort om arbeidsgiver

Vi er ei arbeidsmarknadsbedrift som tilrettelegger arbeidsplassar for uføretrygdede samt driv eit dagsenter for Osterøy kommune. Vår hovudoppgåve er å tilby arbeid tilpassa den enkelte, og arbeidet skal bidra til å utvikle ressurser som kan kvalifisere til arbeid i ordinær virksomhet. Våre arbeidsoppgaver er fordelt på avdeling for vaskeri, frukt og pakke-og montering. Dagsenteret er for personer med utviklingshemming med ekstra oppfølgingsbehov, og har fokus på trivsel og meningsfylte aktiviteter. Heile bedriften er opptatt av den enkelte sin livskvalitet og at kvar enkelt får kjenne på mestring og utvikling.

Webside https://oproas.no
Bransje Industri og produksjon
Yrke Tekstil og presisjonsarbeid
Sted VALESTRANDSFOSSEN (Adresse: Hodlebrautsvegen 1 Postnr: 5281)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 16-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/15b624c8-4c9e-4056-92cc-1491fc0d69b7
Stillingsregistrering