Rettleiar – vikariat – NAV Sula, Sula kommune

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(1 day ago)

  • LANGEVÅG
  •  Post Date: 21. November 2024
  •  Expire date: 6. December 2024
Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 06-12-2024

 

Rettleiar – vikariat

Ønskjer du å jobbe med inkludering og kunne gi menneske moglegheiter? Vert du motivert av å jobbe med menneske og har tru på den enkelte sine ressursar? Då kan du være den vi ser etter.  
NAV Sula er ein spannande arbeidsplass med motiverte og engasjerte kollegar som i stor grad arbeidar heilskapleg på tvers av kommunale og statlege oppgåver. I tillegg har vi flyktningteneste i kontoret. Til saman i kontoret er vi 18 tilsette. Vi samhandlar med eit mangfald av arbeidsgivarar, samarbeidspartar og brukare som treng ulik tenester, rettleiing og oppfølging.  Gjennom vår innsats skal fleire av kommunens innbyggjare få moglegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og være sikra inntekt. Hausten 2023 flytta vi inn i nye lokalar på Devoldfabrikken.

NAV Sula har no ledig eit 100% vikariat som rettleiar.

Ein av våre rettleiarar er utlånt til prosjekt “ung meistring”, som er slutt januar 2026.

Vikariatet er derfor ledig så lenge prosjektet pågår, og seinast ut år 2025.

 

Arbeidsoppgåver

-Heilheitleg arbeidsretta brukaroppfølging– med fokus på arbeid, meistring og  inkludering i arbeidslivet 
-Oppsøkjande verksemd, samhandling, dialog og relasjonsbygging med arbeidsgjever og ulike samarbeidspartar med mål om å  formidle brukarar til ordinært arbeid og/eller ved bruk av Nav sine tiltak og verkemiddel
-Lagarbeid og handtering og oppfølging av eiga portefølje i Nav sine fagsystem og dataverktøy 
-Saksbehandling av oppgåver innanfor ansvarsområdet  og regelverk

Kvalifikasjonar

-Har minimum 3-årig relevant utdanning (bachelorgrad) frå høgskule eller universitet. Anna relevant kompetanse og erfaring kan bli vurdert
-Relevant arbeidserfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet.
-Erfaring frå individuelt oppfølgingsarbeid, endrings- og motivasjonsarbeid.
-Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-Kunnskap om arbeidsmarkedet
-Førarkort for bil kl. B 

Personlege eigenskapar

-Genuin interesse for menneske og ønske om å gjøre en forskjell serviceinnstilt og løsningsorientert

-Kunne sette deg inn i nye arbeidsoppgåver, tileigne deg ny kunnskap og være omstillingsdyktig

-God relasjonsbygger og dyktig i motivasjonsarbeid

-Gode analytiske evner

-Være sjølvstendig, effektiv og arbeide systematisk og heilheitleg

-Evner å prioritere i ein hektisk arbeidskvardag

-Er positiv og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

 

Personleg eigentheit vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

-Hyggelege kollegaer som er opptatt av utvikling, mål og resultat

-Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver

-Aktive og engasjerte kollegaer

-Fleksibel arbeidstid

-Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.

Kontaktinformasjon

Henrik Omenås, Einingsleiar NAV, 41511455, henrik.omenas@nav.no

Arbeidsstad

Molværsvegen 14
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4887074892
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 06.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver NAV Sula, Sula kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LANGEVÅG (Adresse: Molværsvegen 14 Postnr: 6030)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9e8e0d74-905d-405b-a7fe-3259258a2885
IMPORTAPI