Job Description

Published 15-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Rettleiar – servicemenneske i førstelinje med teft for klar kommunikasjon

Er du god på kundebehandling, og synes at brukarne bør få løyst problema sine ved første kontakt?

Vår førstelinje er sjølve hjarta i Skatteetaten, og vi skal nå styrke den med ei mellombels stilling som telefonrettleiar på Leikanger, engasjamentet varer i 6 månader frå oppstart. Vi ser etter engasjerte og serviceinnstilte personar som ønsker å skapa gode brukaropplevingar, og som er komfortable med å bruka teknologi i arbeidskvardagen. 

Vårt mål er at brukaren skal få hjelp til å løysa sine problem første gang dei tar kontakt med oss, slik at dei kan handle rett. Difor er denne jobben ekstremt viktig for oss! Det å kommunisera tydeleg og forståeleg, og at du er eit servicemenneske, er heilt grunnleggjande for å lykkast i denne jobben.                                                                          Akkurat nå trenger vi fleire kollegaer som kan bidra i rettleiinga på telefon, men rettleiing i andre kanalar kan også verta ein del av arbeidskvardagen. 

Du vert ein del av eit stort fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer som rettleiar befolkninga på områda skatt, folkeregister m.m.

Verker dette spennande eller er det noko du lurer på etter å ha lese denne annonsa? Treng du meir informasjon om stillinga eller om oss? Då kan du ringa ein av kontaktpersonane – dei gler seg til å prata med deg!

Kva går jobben ut på?

Du vert ein del av eit landsdekkande rettleiingsteam som er førstelinja til Skatteetaten.  Stillingane på Leikanger vil i hovudsak vera rettleiing på telefon mot Skatt privat segmentet, her vert du ein del av eit stort fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer som rettleiar befolkninga på områda skatt, folkeregister m.m.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?  

Du må ha

  • relevant utdanning på minimum bachelornivå. Relevant rettleiingserfaring kan kompensere for utdanningskravet. Internasjonale grader må være godkjent av NOKUT/HK- direktoratet
  • gode kommunikasjonsevner, både muntleg og skriftlig framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode digitale ferdigheiter, særlig system- og navigeringskompetanse er viktig i denne jobben                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                   I I tillegg vil det vera ein stor fordel om du har erfaring frå relevant rettleiingsarbeid innafor komplekse tenester og/eller regelverk.                                                                                                       

Kva ser vi etter hjå deg?

Vi treng deg som

  • likar å jobba med mennesker og yte god service ved å ha brukarens behov i sentrum
  • er omgjengeleg i møte med andre, er fleksibel i arbeidskvardagen og hjelper til der det trengs
  • kan sette deg inn i nye og kompliserte regelverk
  • evner å rettleie tydeleg og enkelt slik at brukar forstår

Kvifor skal du velje oss?

Høyrest det givande ut å jobbe med eit inspirerande samfunnsoppdrag i ein nytenkjande organisasjon som har stor tillit i
befolkninga. Då trur vi du vil trivst hos oss.          Vi kan frista med
moglegheit til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkande organisasjon
som har stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfaglig med kollegaer frå andre
fagområde, og samarbeide på tvers av lokasjonar.

Du får også medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg og med moglegheit til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår.                  Les meir om dette på spk.no.

I tillegg vil det vere mogleg å veksla mellom å jobbe heimafrå og møtast på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det  lar seg gjere.

Du blir tilsett som førstekonsulent eller rådgivar med ei årslønn mellom 532 200 – 646 000 kr avhengig av
kvalifikasjonane dine. Dei første seks månadane er prøvetid.

 

Verdt å merke seg før du søker

  • Vi brukar ikkje søknadsbrev: Vi er meir opptatt av kva du kan, erfaringar og kompetanse enn kor flink du er til å skriva ein jobbsøknad. Derfor ber vi deg om å levere ein god og beskrivande CV der du får fram kva du har gjort og oppnådd som gjer deg kvalifisert for stillinga du søkjer på. Du treng altså ikkje å skrive eller leggje ved eit søknadsbrev. Vi setter pris på at du legg ved vitnemål/karakterutskrifter og relevante attester.
  • Omvendt referansesjekk: Vi vil du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss.
    Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk.
    Det betyr at du får ringe ein av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du
    måtte ønskje for å finne bedre ut om vi er ein god match
  • Mangfold og likestilling: Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfold er ein del av kulturen vår og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kaller alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
  • Offentleg søkerliste: Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Det
    er mogleg å be om å bli unntatt denne søkarlista. Då må du i så fall
    grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tar deretter stilling til om vi kan
    innvilge ønskjet ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
  • Bakgrunnssjekk: Vi nyttar eksterne levrandørar for å gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidater, og verifiserer utdanning og arbeidserfaring.

Kontaktinformasjon

Steinar Røysum, underdirektør, 90145370
Siv Kristin Torvund, underdirektør, 99536853

Arbeidssted

Njøsavegen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Skatteetaten

Referansenr.: 4859700335
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 30.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skatteetaten, Brukerdialog orgnr: 991750665
Kort om arbeidsgiver

Velg en jobb der du får utfordret deg selv ved å løse utfordringer for andre. Vi sikrer finansiering av velferdssamfunnet ved å sørge for at alle bidrar med det de skal. Vi gjør det på vegne av fellesskapet, fordi velferden er noe som kommer alle til gode. Tilliten folk har til oss er høy, og den jobber vi hver dag for å fortjene. Vi består av et direktorat, seks divisjoner som har landsdekkende ansvar, og viktigst av alt: litt over 7000 engasjerte ansatte som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli enda bedre kjent med oss og alt vi holder på med? Les mer på skatteetaten.no

Webside http://www.skatteetaten.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted LEIKANGER (Adresse: Njøsavegen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/03fefe5e-8449-4234-aeaa-73157fa152b5
IMPORTAPI