Rettleiar – Nav Nordfjord

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(1 day ago)

  • NORDFJORDEID
  •  Post Date: 1. December 2024
  •  Expire date: 17. December 2024
Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 17-12-2024

 

Rettleiar

Er du ein person som er god på å finne ressursar hos kvart enkelt menneske? Då kan stillinga som rettleiar ved Nav Nordfjord vere noko for deg!

Hos oss vil du oppleve ein spennande og variert arbeid, der ingen dag er lik. Vi er kjende for å møte nye utfordringar med optimisme og pågangsmot. Bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for mennesker kvar einaste dag!

Nav Nordfjord søkjer ein engasjert og dyktig rettleiar til avdelinga “arbeid og helse”. Som rettleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølginga av sjukmelde og personar på arbeidsavklaringspengar. Du vil også ha tett kontakt med arbeidsgjevarar i regionen for å sikre ein god dialog og eit godt samarbeid mellom partane. Du vil bli en del av eit kompetent fagmiljø.

Stillinga har arbeids- og oppmøtestad på Nordfjordeid. I mars 2025 flytter vi inn i nye og moderne lokaler i Statens hus. Statens hus på Nordfjordeid er eit samarbeid mellom Politiet, Skatteetaten og Nav for å utvikle tenestene og fagmiljøa sine. Statens hus på Nordfjordeid vil bidra til å byggje sterke kompetansemiljø innan offentleg forvaltning i Nordfjord.   

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp brukarar som er sjukmelde og mottakarar av arbeidsavklaringspengar
  • Tett kontakt med brukarar for å rettleie og motivere på vegen tilbake til arbeid
  • Kartlegge og avklare brukarar si arbeidsevne, ressursar og moglegheiter for arbeid
  • Skape dialog og samhandling med arbeidsgjevarar, fastlegar og andre samarbeidspartar for å hjelpe tilbake i arbeid

Kvalifikasjoner

  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Gode digitale ferdigheiter og interesse for å ta i bruk nye IT verktøy

Det er og ein fordel om du har:

  • Erfaring frå rettleiing og oppfølging av menneske i vanskelege livssituasjonar
  • Kjennskap til og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag
  • Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen

Personlege eigenskapar

  • Du liker å jobbe med menneske og har eit genuint ønske om å hjelpe andre
  • Du har engasjement og evne til å motivere folk tilbake i arbeid
  • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
  • Løn i stillingskode 1434 rådgivar frå kr. 557 100 til kr. 594 500 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. 
  • Gode pensjons- låne og forsikringsordningar i Statens Pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Kari Tonning, Avdelingsleiar, 452 33 070, kari.tonning@nav.no

Arbeidssted

Lotevegen 21
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4889652234
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nav Nordfjord orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Lotevegen 21 Postnr: 6770)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c5df473c-1efb-4df8-8597-5d8d4a034704
IMPORTAPI