Rettleiar – Nav Askøy – tjenesteavklaring og forvaltning
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 day ago)
Job Description
Published 03-12-2024
Deadline: 18-12-2024
Rettleiar
Har du eit brennende engasjement for offentleg forvaltning der mennesket står i sentrum? Då kan du vere den vi treng på Nav Askøy!
Nav Askøy held til på Kleppestø. Vi er om lag 70 tilsette på kontoret og vi samarbeider tett med Nav Øygarden som saman med
oss utgjer Region Vest i Nav Vestland. Kontoret vårt ligg sentralt til og det
tar 12 min sjøvegen med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer ein
køfritt frå Bergen til Askøy. Kontoret er under ombygging og i 2025 flyttar vi inn i heilt nye lokale på Kleppestø senter med aktivitetsbaserte
arbeidsplassar.
Du vil bli ein del av avdeling for tenesteavklaring og forvaltning ved Nav Askøy. Avdelinga har mellom anna ansvar for sakshandsaming
og arbeidsretta oppfølging av brukarar med nedsett arbeidsevne. Avdelinga
betener også publikumsmottaket.
No har vi eit ledig vikariat til august 2025, og vi ser etter deg som bygger gode relasjonar, er god til å samarbeide, motivere og til å finne gode løysingar til det beste for menneske i omstilling. Du er løysingsorientert, har interesse for offentleg forvaltning og eit auge for dei viktige detaljane.
Arbeidsoppgåver
- Følge opp, kartlegge, rettleie og motivere brukarar med helsemessige eller sosiale utfordringer, som treng bistand til å kome i arbeid eller arbeidsretta aktivitet
- Sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrifta
- Vurdering av brukarar sine behov og arbeidsevne
- Samarbeid med helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre aktuelle samarbeidspartar
Endring i oppgåver og ansvar må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring frå bruk av digitale arbeidsverktøy i arbeidet
- gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg
- erfaring frå offentleg forvaltning
Det er ønskeleg at du har:
- erfaring frå arbeid med oppfølging av menneske
- erfaring frå sakshandsaming
- erfaring frå arbeidsretta rettleiing eller rekruttering
Vi ser etter deg som
- er løysingsdyktig og har gode samarbeidsevner
- har god relasjonskompetanse
- har god evne til å arbeide sjølvstendig
- arbeider nøyaktig, strukturert og systematisk
- har stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe under press
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida (ein time i veka)
- Tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 575 400 til kr. 615 700 per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- Gode pensjons- låne og forsikringsordningar i Statens Pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Monika Kalstad, Avdelingsleder, 95949265, monika.kalstad@nav.no
Sofie Overgaard, Avdelingsleder, 47178737, sofie.overgaard@nav.no
Arbeidssted
Gamle Kleppestøvegen 2
5300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4892677805
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 18.12.2024
DIVERSE INFO