Rettleiar NAV – 100 % fast – Bjørnafjorden kommune NAV
Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling(1 day ago)
Job Description
Published 03-12-2024
Deadline: 22-12-2024
Rettleiar NAV – 100 % fast
Vi har ledig tre faste 100% stillingar som rettleiar ved Nav Bjørnafjorden.
Du skal følge opp brukarar i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav skal betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Vi arbeider på tvers av tre avdelingar i Nav Bjørnafjorden og i Nav region Midthordland. Brukermedverknad er sentralt for å lukkast med inkludering i samfunnet. Stillingane inneber oppfølging av eigen portefølje og det er viktig at du trives med å møte nye menneske og at du har evne til å gi andre jobbhåp. To av stillingane vil vere plassert i avdeling avklaring, velferd og forvaltning. Ein av desse vil vere knytta til å jobbe med kvalifiseringsprogrammet (KVP). I tillegg til arbeidsretta oppfølging ligg også forvaltningsoppgåver knytt til sosiale tenester i nav her. Ei stilling vil vere plassert i avdeling arbeid og oppfølging. Her er arbeidsoppgåver knytt til arbeidsretta oppfølging aap. Stillingane kan endrast ved behov.
Arbeidsstad
Nav Bjørnafjorden, Holtbrekka 7
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging av brukarar etter gjeldande regelverk
- Rettleie og motivere personar som treng bistand til å stå i arbeid
- Kartlegge den enkelte sine ressursar og moglegheiter
- Vurdere bruk av tiltak som kan bidra til at brukar kjem i arbeid
- Samarbeide med arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar, helsevesen og andre
- Alle tilsette må rekna med å ha vakter i vårt publikumsmottak og bidra inn i kontoret sine fellestenester etter behov
Vi er ein organisasjon i endring og endring i arbeidsoppgåver kan førekomme.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå som er relevant for arbeidsoppgåvene i eit Nav-kontor
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Ønskeleg med:
- Erfaring fra oppfølgingsarbeid, rettleiing og motivere mennesker
- En fordel med kjennskap til offentlig forvaltning, fortrinnsvis sosiale tenester og/eller arbeidsretta oppfølging
- Kjennskap til LEAN som metode
- Førarkort klasse-B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er motivert for stillinga og som har evne til å arbeide sjølvstendig, og i lag med andre. At du er mål og resultatorientert er også positivt.
Stillinga krev at du er strukturert og har evne til å følge opp eigen portefølje.
Personlege eigenskapar vert verklagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO