Resepsjons- og administrasjonskonsulent – Sogn Jord- og Hagebruksskule
Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling(3 weeks ago)
Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 19-01-2025
Resepsjons- og administrasjonskonsulent
Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).
Arbeidsoppgåver
– Resepsjon og sentralbord
– Elevadministrasjon
– Arkiv/post
– Fakturering og rekneskap
– Lønsarbeid
– Innkjøp
– Administrasjon av internat
Kvalifikasjonar
– Relevant fagbrev eller tilsvarande utdanning/ kompetanse
– Arbeidserfaring med økonomiske og administrative oppgåver
– Gode ferdigheiter innan IKT, økonomiforvaltning, administrasjon og skriftleg nynorsk
– Arbeidserfaring innan liknande stilling
– Basiskunnskapar i engelsk skrifteleg og munnleg
Personlege eigenskapar
– God til å møta folk i ulike situasjoner
– Løysingsorientert og handlekraftig
– Gode samarbeidsevner
– Trivst med høgt arbeidstempo og har stor arbeidskapasitet
– Systematisk, strukturert og fleksibel
Vi tilbyr
– Triveleg arbeidsmiljø
– Varierte arbeidsoppgåver
– Fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår
Kontaktinformasjon
Børre Solberg, rektor , 41219505, borre.solberg@vlfk.no
Arbeidsstad
Skulevegen 24
5745 Aurland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4896415397
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sogn Jord- og Hagebruksskule orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk. |
Webside | www.sjh.vgs.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | AURLAND (Adresse: Skulevegen 24 Postnr: 5745) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 19-01-2025 |