Job Description
Published 10-11-2024
Deadline: 26-11-2024
Renovatør
Om stillinga
SIMAS søkjer sjåfør til renovasjonsbil. Arbeidet vil omfatte dagleg innsamling og transport av hushaldningsavfall tilhøyrande SIMAS sine eigarkommunar.
Arbeidsoppgåver
- Sjåfør på renovasjonsbil
- Utføre dagleg vedlikehald og ettersyn av bilar og utstyr
- Arbeidet omfattar noko kundekontakt og kommunikasjon med kundesenter
- Rapporterer direkte til driftskoordinator og avdelingsleiar
Ynskjeleg utdanning/praksis
- Førarkort klasse C
- Relevant sjåførerfaring
- Gyldig yrkessjåførbevis (YSK)
- Grunnleggjande IT-kunnskap
For stillinga søkjer me etter personar som
- Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
- Er strukturert, systematisk og har ei planmessig tilnærming til arbeidet
- Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
- Villeg til å setje seg inn i og lære nye ting
- God kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg
- Kan ta eit ekstra tak når det trengs
Me kan tilby
- Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn
- Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing
- Fleksibilitet i arbeidstid
- Løn i.h.t. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | SIMAS IKS orgnr: 876028662 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn. Selskapet har som formål å handsama avfall frå hushaldningar og verksemder. |
Webside | https://www.simas.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | KAUPANGER (Adresse: Festingdalsvegen 368 Postnr: 6854) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-11-2024 |