Rektor Vestbygd skule – Alver kommune

(5 days ago)

  • ISDALSTØ
  •  Post Date: 24. March 2025
  •  Expire date: 8. April 2025
Job Description

Published 24-03-2025
Deadline: 08-04-2025

Rektor Vestbygd skule

Om stillinga

Me søkjer ein engasjert og dyktig rektor til skulen vår. Me ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.

Som rektor har du det overordna ansvaret for skulen si pedagogiske og administrative leiing.

Om Vestbygd skule

Vestbygd skule ligg fint til i Holmemarka fem minutt nordvest for Frekhaug i Alver kommune. Det tek om lag 10 minutt med bil frå Nordhordlandsbrua.

Skulen har 117 elevar fordelt på 1.- 7.trinn. Det er språkdeling på fleire av trinna. Skulen er med i programmet “Trivselsleder” for eit aktivt og inkluderande skulemiljø.
Det er for tida omlag 30 tilsette ved skulen, og arbeidsmiljøet er godt. Skulen har eit flott uteområde som innbyr til mange ulike aktivitetar.
På Vestbygd skule er det eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med god delekultur. Fleirtalet av dei tilsette har lang fartstid på skulen, og det har vore lite utskifting av tilsette. Skulen har fokus på å skape felles møtepunkt kor elevar og tilsette får utøve kreativitet, utforskartrong, og det å vere nyfiken i form av sosiale samankomstar. Elles er satsingsområda våre LK20, lesing og rekning, og eit trygt og godt skulemiljø.
Vestbygd skule har eit tett og godt samarbeid med andre instansar som PPT, helsesjukepleiar, og andre.
Samarbeidet med FAU er godt og dei støttar godt opp om skulen sine satsingsområde og målsetjing.
 

Arbeidsoppgåver

Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: “Trygge barn som deltar, meistrar og lærer.”

Som rektor skal du også:

  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
  • Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
  • Forvaltning og kvalitetsutvikling.
  • Økonomistyring og resultatkontroll.
  • Samspel med elevar, foreldre og nærmiljø.
  • Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.

Kompetanse

  • Opplæringslova sine krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere
    oppfylt.
  • Utdanning og erfaring i skuleleiing er ønskjeleg.
  • God system- og rolleforståing
  • Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
  • Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
  • Ønskjeleg med undervisningserfaring frå grunnskulen
  • God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
    Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing

Kven er du?

  • Du er tydeleg og synleg i møte med elevar, tilsette og foreldre
  • Du har gode samarbeidsevner, og er løysingsorientert
  • Du trivs med å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant anna LK20 og inkluderande skulemiljø
  • Du er ein god relasjonsbyggar, som kan motivere og inspirere elevar og tilsette. 
  • Du kan legge til rette for innovasjon og nyskaping

Er du målretta, initiativrik og har eit sterkt engasjement for skuleutvikling? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Me tilbyr

  • Eit fagleg dyktig kollegium.
  • Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
  • Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
  • Leiaropplæring
    Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. 

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 25 Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/18d8c02f-2765-4be2-8c76-e2c6c368f863
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277917

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31