Job Description

Published 06-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Rektor ved Vang kulturskule

 

Vi søker ein kreativ og engasjert rektor for Vang kulturskule i 50 % vikariat frå snarast, og ut skuleåret 25/26 (31.07.26).

Vang kulturskule har for tida undervisningstilbod innan musikk, dans, teater og visuelle kunstfag, og har for tida 13 lærarar fordelt på 2,4 årsverk og 60 elevar fordelt på 82 elevplassar.

Kulturskulen held til i innhaldsrike og flotte lokale på Vang barne – og ungdomsskule (VBU), og samarbeider med ulike samfunnsaktørar om ulike prosjekt og aktivitetar for innbyggarane i kommunen og regionen.
Rektor har det pedagogiske, kulturfaglege og administrative ansvaret for kulturskulen. Du skal vidareutvikle ein framtidsretta, attraktiv og aktiv kulturskule i samarbeid med barn, unge, føresette, tilsette og lokalsamfunn.  

Arbeidsoppgåver

  • Kulturfagleg, pedagogisk og administrativ dagleg leiing av kulturskulen, herunder økonomi- og personalansvar
  • Utvikling av kulturskulen og andre kulturarenaer og -møteplassar i kommunen
  • Samarbeide med andre aktørar innan kultur, skule og frivilligheit
  • Noko undervisning kan inngå i stillinga

Kvalifikasjonar

  • fortrinnsvis høgare kunst, kultur eller musikkfagleg utdanning
  • ynskjeleg med pedagogisk utdanning
  • ynskjeleg med utdanning eller erfaring i leiing av lærings- og utviklingsarbeid
  • fordel med erfaring frå kulturskule eller anna relevant verksemd
  • god kjennskap til og forståing for arbeid på kulturområdet generelt
  • har digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • er kreativ og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • er bevisst relasjonsbyggar og liker å arbeide med barn, ungdom og vaksne i ulike aldre
  • er løysingsorientert, handlekraftig og kan jobbe sjølvstendig

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • gode kulturarena og -lokale
  • varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • lønn etter avtale og gode pensjonsordningar

 

Politiattest må leggast fram før tilsetting. 

Kontaktinformasjon

Marta Bjørnøy Lalim, Kommunalsjef Utdanning og kultur, marta.bjornoy.lalim@vang.kommune.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5161
2975 VANG I VALDRES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 4902885590
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.02.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 26.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vang Kommune, Utdanning og kultur orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
  • Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima“, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

 
Webside http://www.vang.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5161 Postnr: 2975)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-02-2025
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/994ff0ae-764c-46b7-9e90-5c51bca0da63
IMPORTAPI