Rektor ved Larsnes skule – Sande kommune

Education Ledere av undervisning og utdanning

(6 days ago)

  • LARSNES
  •  Post Date: 20. March 2025
  •  Expire date: 10. April 2025
Job Description

Published 20-03-2025
Deadline: 10-04-2025

Rektor ved Larsnes skule

Sande kommune har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane. Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg. Kommunen har tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya. 

Frå 01.08.2025 søker vi rektor ved Larsnes skule. Skulen har ca 70 elevar frå 1.-7. trinn, skulefritidsordning og 16 tilsette. 

Vi søker ein dyktig og engasjert rektor som har interesse og ambisjonar for å utvikle skulen i samarbeid med tilsette, elevar og føresette. Som rektor i Sande kommune vil du vere ein del av oppvekst- og kultursektoren si leiargruppe. Du vil ha eit tett samarbeid med den tverrfaglege ressursgruppa og kommunen sine stab- og støttefunksjonar (økonomi, HR og kommunikasjon). 

Arbeidsoppgåver

Rektor har ansvar for å leie skulen sitt heilskaplege arbeid med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule- og læringsmiljø.
Som rektor for eininga vil du ha det overordna pedagogiske ansvaret, i tillegg til personal- og økonomiansvar gitt i høve delegasjonsreglementet. Rektor har som sine hovudoppgåver å støtte dei tilsette i det daglege arbeidet, leige inn vikarar i høve fråvær, følge opp økonomi og planlegge utvikling ilag med sektoren si leiargruppe og andre ressurspersonar. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning fra høgskole/universitet, jamfør Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
  • Arbeidserfaring frå relevant tenesteområde
  • Rektorutdanning eller anna leiingutdanning
  • Erfaring som skuleleiar/leiar og god kjennskap til administrativ skuledrift er ønskeleg

Søkarar utan leiarutdanning kan vurderast om ein forpliktar seg til å gjennomføre dette.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker ein rektor som kan leie, engasjere og skape gode rammer for både elevar og tilsette i skulen. Dette gjennom å vere lyttande og løysningsorientert. Du må trivast i eit hektisk miljø og samtidig kunne vere strukturert i høve eigen kvardag. Som rektor vil du samhandle med både elevar, foreldre, tilsette og andre. Det er difor viktig med god relasjonskompetanse, samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar. Vi ser etter deg som har interesse for leiing og utvikling. Du må ha god økonomisk forståing og kjennskap til lov og avtaleverk. Du har evne til å tenke heilskapleg, jobbe langsiktig og har gjennomføringskraft.

Du må elles ha gode digitale kunnskapar.

I sandeskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk til all skriftleg kommunikasjon.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
  • Ein spanande jobb med allsidige oppgåver
  • Deltaking i intern leiarutvikling
  • Høve til etter- og vidareutdanning og fagleg oppdatering
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.2
  • Tilsetting i samsvar med gjeldande lov- forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.

Kontaktinformasjon

Odd Gunnar Myhre, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 90195701
Karen-Marie Hjelle, HR-leiar, 92178280

Arbeidsstad

Vardane 20
6084 Hallebygda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 4941663408
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 10.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sande kommune orgnr: 975277348
Kort om arbeidsgiver Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle. 
Webside http://www.sande-mr.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted LARSNES (Adresse: Vardane 20 Postnr: 6084)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 10-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c20ef1e2-b511-4b1d-8b9c-e2a43ee186ff
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31