Job Description

Published 17-11-2024
Deadline: 03-03-2025

 

Rekrutteringssak – Sjukepleiar fast 100 % Bu- og habilitering

Bu- og habilitering er ei einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.

Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

 

Omtale av stillingar

  • Bu- og habilitering har ledig stilling på 100 % som sjukepleiar.
  • Eininga kan tilby ulike arbeidstidsordningar som døgnvakter, lange vakter med arbeid kvar 4. helg, samt ordinær todelt turnus med arbeid kvar 2. eller 3. helg. 
  • Søkjarar må spesifisera kva arbeidstidsordning dei føretrekk. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar

  Eigenskapar

  • Fleksibel og løysningorientert
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
  • Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Bu og habilitering orgnr: 930918083
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ROSENDAL (Adresse: Rosendalsvegen 10 Postnr: 5470)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cdaa0a5f-5b6c-4b61-a22b-03990a49aad1
IMPORTAPI