Job Description

Published 17-11-2024
Deadline: 02-03-2025

 

Rekrutteringssak – Helgevakter faste og vikariat ved Bu- og habilitering

Bu- og habilitering nord og sør er to einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.

Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

 

Omtale av stillinga

  • Faste og vikariat på 13 – 22 % som helgevakt.
  • Vi søkjer og faste ringevikarar.
  • Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse.

     

Vi søkjer

  • Etter personar som ynskjer å arbeida helger og ekstravakter.
  • Vi oppmodar studentar innan helsefag og pedagogikk til å søkja.

 

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg at søkjarar har helsefagleg utdanning eller arbeidserfaring innan helse.
  • God munnleg og skriftleg norsk framstilling

Søkjarar bør ha sertifikat på bil.

 

Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Ansvarsfull 
  • Sjølvstendig

 

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Bu og habilitering orgnr: 930918083
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted ROSENDAL (Adresse: Rosendalsvegen 10 Postnr: 5470)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 7
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7d2183a0-00e4-4f50-8c76-0a4d6e671121
IMPORTAPI