Rekneskapskonsulent – Helse Vest RHF

Kontor og økonomi Economy, Statistics and accounting

(2 weeks ago)

  • STAVANGER
  •  Post Date: 19. June 2024
  •  Expire date: 26. July 2024
Job Description

Published 19-06-2024
Deadline: 26-07-2024

 

Rekneskapskonsulent

Vil du bidra til å styrke og utvikle sjukehusa på Vestlandet?

Liker du tal? Elsker du system? Blir du driven framover av nøyaktigheit og presisjon og har du ønske om å jobba for noko meiningsfullt? Då er dette moglegheita du har venta på. I Lønns- og rekneskapssenteret (LRS) hos Helse vest RHF får du alt dette. LRS har ansvar for lønn og rekneskap for Helse vest RHF, Helse vest IKT og Sjukehusapoteka Vest HF. Vi søkjer deg med erfaring med og ønske om å jobba med rekneskap og eit breitt spekter av arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Rekneskap og rapportering
  • Periodisering og avstemming
  • Meirverdiavgiftsbehandling, under dette nøytral meirverdiavgift for helseføretak og meirverdiavgift ved innføring av varer og tenester
  • Ad- hoc oppgåver og prosjekt
  • Utvikle og følgje opp prosessar, system og masterdata for rekneskapsområdet
  • Vere bidragsytar ved vidareutvikling av rekneskapssystem

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad innanfor økonomi
  • Erfaring frå rekneskapsarbeid
  • Gode datakunnskapar, spesielt Excel og interesse for bruk/vidareutvikling av ERP løysingar
  • Erfaring med SAP S4/Hana vil vere ein fordel
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper

Erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.

Personlege eigenskapar

  • Innovativ og analytisk
  • Nøyaktig og strukturert
  • Sjølvstendig og ansvarsmedviten
  • Fleksibel og kan tilpassa deg ulike miljø
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Ein som trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling med kunnskapsrike kollegaer
  • Eit fint arbeidsmiljø i team
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale
  • Pensjonsforsikring i KLP og lånemoglegheit i KLP
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag. “HjemJobbHjem” og låst sykkelgarasje 

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kristian Bernhoff Frafjord, Leiar løn- og rekneskapssenteret, 92486548

Arbeidsstad

Knud Holms gate 8
4005 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest RHF

Referansenr.: 4830883774
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Vest RHF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. I overkant av 30 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Vi er om lag 75 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 36,5 milliardar kroner. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. Vi flytter til heilt nye og sentrale lokale i Stavanger sentrum i 2024. 

Webside https://candidate.webcruiter.com/nn-NO/Home/companyadverts?companylock=51961&link_source_id=0#search
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted STAVANGER (Adresse: Knud Holms gate 8 Postnr: 4005)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/91df9a81-a197-4a66-84c9-f1cff78cfc66
IMPORTAPI