Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Reinhaldsoperatør/Reinhaldar

Vil du bli vår nye kollega i reinhaldsavdelinga ved Førde sentralsjukehus?

Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk, og har som oppgåve å levere reinhalds- og tekstiltenester til avdelingar ved Førde sentralsjukehus. Arbeidet vil foregå i Helse Førde sin bygningsmasse i Førde. Arbeidstida vil vere i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06:00-21.30 på kvardagar. Det må også påreknast arbeid kvar 3.helg og på høgtidsdagar i løpet av året. Dersom det i framtida vert endring i driftsmessige tilhøve, vil arbeidstid endrast i tråd med lov og avtaleverk.

Det er ønskjeleg at det i søknaden vert oppgitt dato for forventa oppstart i stillinga.

Fint om dokumentasjon på ansiennitet ligg ved søknden.

Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver vil være:

  • Dagleg reinhald av ulike romkategoriar i sjukehuset
  • Planlegging og utføring av periodisk reinhald
  • Maskinelt reinhald
  • Kunnskap om vedlikehald av golv
  • Smittevask
  • Operasjonsreinhald

Kvalifikasjonar

Vi vil at du skal: 

  • Ha fagbrev som reinhaldsoperatør, eller ha røynsle frå reinhaldsfaget
  • Ha gode norskspråklege kommunikasjonsevner
  • Kunne nytte elektroniske kommunikasjonsverktøy i ditt dagleg reinhaldsarbeid
  • Kunne planlegge og gjennomføre periodisk reinhaldsarbeid
  • Kunne nytte reinhaldsamaskiner av type “sitte på”/”gå bak”
  • Kunne utføre periodisk vedlikehald av golv 
  • Ha kjennskap til prosedyre for smitteutvask. 
  • Ha kjennskap til prosedyre for operasjonsreinhald
  • Det vil være ein fordel om du har kjennskap til Nasjonale standarer for reinhaldskvalitet.

Personlege eigenskapar

Vi vil at du skal: 

  • Være stabil, punktleg og påliteleg 
  • Kunne jobbe sjølvstendig og i team
  • Ha interesse for at arbeidet som du utfører er av god kvalitet
  • Kunne jobbe målretta i krevjande situasjonar
  • Være samarbeidsvillig, mottar og tilbyr hjelp
  • Bidra til bygging av eit trygt og positivt arbeidsmiljø i avdelinga

Vi tilbyr

  • Opplæring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtaler og regelverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elin Høyland, Husøkonom, +47 578 39 378

Arbeidsstad

Førde sentralsjukehus
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4892578774
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Reinhald FSS, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted FØRDE (Adresse: Førde sentralsjukehus Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fa87cd77-f90f-4beb-911f-4c2514ba3b03
IMPORTAPI