Reinhaldsoperatør/ Assistent – Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(2 måneder ago)
Job Description
Published 11-10-2024
Deadline: 31-12-2024
Reinhaldsoperatør/ Assistent
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift-/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar.
Hospitaldrift Reinhald er ei av desse einingane. Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Helse Bergen har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette.
Ved seksjon 4 har vi ledig 2 x 100% faste stillingar. Arbeidsstad vil vere i Bergen og omland, samt Haukelandsområdet. Reinhaldet skal utførast i lokasjonar for rus og psykiatri.
Er du ein roleg person med som likar å ha det reint rundt deg? Er du strukturert med eit vakent auge for detaljar? Er du ein som yter god sørvis og likar eit hektisk miljø ? Da er du kanskje medarbeidaren vi søker.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald med mopp/maskin
- Reingjering av poliklinikkar, kontor, pasientrom, sanitærrom og fellesareal
- Smittereinhald
- Vaskerioppgåver
- Portørteneste
- Forefallande arbeid
- Gjennomføring av pålagde kurs
Kvalifikasjonar
- Vi søker personar over 18 år med interesse og praktisk erfaring frå reinhaldsfaget
- Må kunne nytte IKT verktøy
- Ha evne til å sjå samanheng mellom forbruk og økonomi
- Det blir stilt strenge krav til norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
- Ønskeleg med førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, løysingsorientert og fleksibel
- Du er punktleg og ønsker å levere god kvalitet
- Du likar ein fysisk aktiv arbeidsdag
- Du er målbevisst, ryddig og systematisk
- Du har auge for detaljar og ser moglegheiter
- Du likar å bidra til eit godt arbeidsmiljø saman med ulike nasjonaliteter
- Du har gode samarbeidsevne og likar mennesker rundt deg
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
- Bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø 🙂
- Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Vibecke Helen Engesæth Nilsen, Seksjonsleiar, 46838392
Arbeidsstad
Bergens området innkl. Haukeland
5020 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4871280521
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2024
Søknadsfrist: 03.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BERGEN (Adresse: Bergens området innkl. Haukeland Postnr: 5020) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-12-2024 |
Søknadsfrist | 31-12-2024 |