Reinhaldsoperatør 100 % fast stilling – Hjelmeland kommune Renhold
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(4 days ago)
Job Description
Published 03-11-2024
Deadline: 15-11-2024
Reinhaldsoperatør 100 % fast stilling
Likar du å jobba med reinhald? Er du opptatt av å halda det reint rundt deg? Er du nøye og opptatt av god kvalitet? Me har behov for ein dyktig reinhaldsoperatør i 100 % fast stilling. Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert, og som trivast med varierte arbeidsoppgåver. Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar som bidreg til eit positive arbeidsmiljøet vil bli vektlagt ved tilsetting.
Ansvar og arbeidsoppgåver
– generelt reinhald av kommunale bygg
Kvalifikasjonar og vilkår
– fagbrev reinhaldsoperatør ønskast
– førarkort klasse B
– ikkje fast oppmøteplass
– nivå A1 for norsk skriftleg og nivå B1 for norsk munnleg
Me tilbyr
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
– positivt arbeidsmiljø
– bedriftskunstforening
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimesidefor meir informasjon. Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO