Reinhaldar – to faste stillingar ledige ved reinhaldsavdelinga – Giske kommune
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(2 weeks ago)
Job Description
Published 24-10-2024
Deadline: 11-11-2024
Reinhaldar – to faste stillingar ledige ved reinhaldsavdelinga
Giske kommune – reinhaldsavdelinga – har ledig to x 100 % nyoppretta faste stillingar frå 01.01.2025.
Stillinga inneber reinhald i kommunale bygg i tillegg til i private heimar som har vedtak om praktisk bistand. Ein arbeider i team når ein er ute i heimane.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald av kommunale bygg og i private heimar ut frå vedtak om praktisk bistand.
Kvalifikasjonar
- Relevant arbeidserfaring innan reinhald.
- Det er ønskeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør.
- Krav om førerkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Kan tilpasse seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen.
- Har evne til å handtere ein fysisk krevjande arbeidskvardag.
- Har god og tydeleg kommunikasjon.
- Har gode samarbeidsevner og arbeider godt i team.
- Har vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben.
- Er løysingsorientert, og kan bidra til å oppretthalde god trivsel på arbeidsplassen.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Vibeke Olsen, avdelingsleiar, +47 41655863
Arbeidsstad
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 4876525808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Giske kommune orgnr: 983836836 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
|
Webside | http://www.giske.kommune.no |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | VALDERØYA (Adresse: Valderhaug 4 Postnr: 6050) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 11-11-2024 |