Job Description

Published 13-03-2025
Deadline: 31-03-2025

Reinhaldar, Reinhaldsoperatør

Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.
Eigedom og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Eigedom og utbyggingsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler. Vi har ledig fast 100% stilling som reinhaldar frå  31.05.2025 i region Nord, for tida med oppmøte ved Stend Vidaregåande skule.

Stend vidaregåande skule ligg i Fana bydel i Bergen. På Stend har det vært skuledrift sidan 1866, og har i dag utdanningsprogramma idrett, service og samferdsel og naturbruk. I tillegg har vi allmenn påbygging til studiekompetanse. Skulen er eit eige gardsbruk, og vi har mange ulike læringsarenaer, og stor variasjon i opplæringstilboda. Skulen har omlag 550 elevplassar og 250 tilsette.
Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget.

Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
 

Arbeidsoppgåver

  • Reinhald av skulen sine lokale både med og utan maskin
  • Reinhald i regionen ved behov

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som reinhaldar
  • Praktisk yrkeserfaring
  • Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
  • Fleksibel
  • Kjennskap til databasert verktøy Like å jobbe blant ungdom

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

Kontaktinformasjon

Linda Nilsen, reinhaldsleiar m/fagbrev, 48140651
Hanne Hougaard Bisgaard, Områdeleiar, 95789400

Arbeidsstad

Fanavegen 249
5244 Fana

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4938440490
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ORO – Reinhald RN – Sandsli og Stend vgs, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted FANA (Adresse: Fanavegen 249 Postnr: 5244)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/924d54d3-448b-46cf-b16f-53daf59070ac
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31