Reinhaldar/Reinhaldsoperatør – ORO – Reinhald RN – Firda, Vestland fylkeskommune
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(1 day ago)
Job Description
Published 16-10-2024
Deadline: 01-11-2024
Reinhaldar/Reinhaldsoperatør
Er du vår nye medarbeidar og trivst i ein travel kvardag?
Vi har ledig eit vikariat som reinhaldar frå 1 november 2024 ved Førde nye Vidaregåande skule i 100% stilling. Vikariatet er i eit år.
Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget. Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle.
Førde vidaregåande skule, er ein av dei største skulene i Vestland fylkeskommune med godt over 1000 elever og om lag 200 tilsette. Skulen er geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i nybygget i Førde sentrum. Du må pårekna å måtte jobba begge plassar, men Førde vidaregåande er oppmøte stad og hovudarbeidsplassen.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysingar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald av skulen sine lokale både med og utan maskin
- Reinhald i regionen ved behov
- Reinhald etter Insta800
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldar
- Praktisk yrkeserfaring
- Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
- Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
- Fleksibel
- Kjennskap til databasert verktøy
- Like å jobbe blant ungdom
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Kontaktinformasjon
Hilde Karin Langedal, reinhaldsleiar m/fagbrev, 90588304, hilde.karin.langedal@vlfk.no
Hanne Hougaard Bisgaard, områdeleiar, 95789400, hanne.hougaard.bisgaard@vlfk.no
Arbeidsstad
Naustdalsvegen 12
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4874150122
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.11.2024
DIVERSE INFO