Reinhaldar – Osterøy kommune

Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon

(21 hours ago)

  • HAUS
  •  Post Date: 17. October 2024
  •  Expire date: 15. November 2024
Job Description

Published 17-10-2024
Deadline: 15-11-2024

 

Reinhaldar

Om stillinga

  • Me har eit ledig vikariat som reinhaldar ved Haus skule og barnehage på 86,67 %, frå 02.01.2025 – 27.08.2025. Her vil ein jobba saman med ein annan reinhaldar. Arbeidstida vil vere frå 6.00-13.00 m/ 30 minutt ubetalt pause. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er dageleg reinhald av Haus skule og Haus barnehage, samt hovedreingjering av skulen i skuleferier. 

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtalar og gode pensjonsordningar i KLP

Kvalifikasjonskrav

  • Ingen spesielle krav til kompetanse, men erfaring er ein fordel. Det vert gjeve opplæring.

Kven er du?

  • Du er ansvarsfull og påliteleg
  • Du har gode samarbeidseigenskaper
  • Du er positiv og likar ein aktiv arbeidsdag
  • Du forstår og snakkar norsk

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted HAUS (Adresse: Votlavegen 54 Postnr: 5286)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7d121901-8000-4ec2-853e-ec8a31c6387d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269616