Reinhaldar – Husøkonomi Lærdal, Helse Førde
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(3 weeks ago)
Job Description
Published 04-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Reinhaldar
Lærdal sjukehus, Husøkonomi søkjer reinhaldar sommaren 2025. Arbeidsperiode 30.06.2025 – 17.08.2025.
Vi ønskjer nokon som kan arbeide heile sommeren. Det kan være moglegheit for kontrakt som tilkallingshjelp etter ferien.
Reinhald ved Lærdal sjukehus har 6,4 stillinger fordelt på 7 personer. Vi har fordelt sjukehuset i 5 avdelingar og det er 2 stk. på jobb på laurdagar.
Vi har rullering fordelt på alle avdelingar og gir service til alle avdelingar på sjukehuset. Har du praksis innan helse eller reinhald er det fint ellers gir vi opplæring og oppfølging. Vi bruker Clean pilot som arbeids redskap på Pad.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald
- Periodisk reinhald
- Hovudreinhald
- Smittereingjering
- Sengesentral
- Handtering av tøy
- Reingjering bustad
Kvalifikasjonar
- Erfaring med reinhald er ein fordel, men opplæring vil bli gitt
- Gode kunnskaper i norsk, både skriftlig og muntlig
- Kan bruke dataverktøy i dagleg arbeid
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ og påliteleg
- Tar ansvar og initiativ i jobben du gjer
- Strukturert og effektiv
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og fokusert på å gjere brukarar fornøgd
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Et aktivt og trivelig arbeidsmiljø
- Opplæring vil bli gitt
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tone Eriksen, Husøkonom i Lærdal, +47 57640035
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4889379199
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 30.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Husøkonomi Lærdal, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | LÆRDAL (Adresse: Sjukehusvegen 9 Postnr: 6887) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 30-06-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |