Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Regionleiar for Søre Sunnmøre, vikariat

Ønskjer du å jobbe som leiar for reinhald i Region Søre Sunnmøre som er Volda vgs, Ørsta vgs, Herøy vgs og Ulstein vgs? Vi har ledig eit års vikariat, med mogleigheit for forlenging som Regionleiar reinhald Søre Sunnmøre. 

Her skal du lede og utvikle region Søre Sunnmøre og bidra til at reinhaldsseksjonen når dei fire langsiktige måla for reinhald i Møre og Romsdal fylkeskomune. Du vil ha personal, økonomisk og fagansvar for din region. Reinhaldsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune utgjer 4 regioner som har som oppgåve å levere reinhaldstenester til dei videregående skolane i fylket. Regionleiar går inn i leiargruppa i reinhaldsseksjonen.

Kontorstad vil vere i regionen eller ved NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) i Ålesund.

Den som blir tilsett må levere politiattest.

Arbeidsoppgåver

–       personalansvar for reinhaldarane i regionen din
–       budsjettansvar innafor ditt område
–       bidra til å utvikle reinhaldsseksjonen
–       utarbeide og følge opp planar og rutinar for reinhald ved skolane
–       bidra til å nå måla til reinhaldsseksjonen
–       noko reiseverksemd må medreknast

 

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning frå høgskole/universitet på minimum bachelor-nivå.

Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Det er ønskeleg at du har leiarkompetanse og leiarerfaring i tillegg til erfaring frå offentleg eigedomsforvaltning, reinhald eller drift.

 

Personlege eigenskapar

I tillegg blir det lagt vekt på at du:
–       er ein lagspelar som likar å samarbeide, dele og inkludere
–       er god på å bygge relasjonar og motivere
–       har god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk
–       er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
–       har god erfaring med bruk av digitale verktøy

Du er ein leiartype som likar å kommunisere klart og tydeleg, samtidig som vedkommende har omsorg og interesse for folka sine. Vi søkjer deg som trivst med å leie andre menneske, skape samhald og vi- følelsen i eit miljø som både er mangfaldig og tverrfagleg. I tillegg er du strukturert, sjølvstendig og god på å organisere og administrere.

Vi tilbyr

Ordna arbeidstid

Moglegheit til påverking i egen arbeidskvardag 

Ein arbeidsplass i stor utvikling

Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

Kontaktinformasjon

Anne Bente Klokk Svendsvik, Avdelingssjef, 91131546
Torgeir Haukebø, Bygg- og eigedomssjef, +47 46418730

Arbeidsstad

Holsekerdalen 180
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4890901348
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 20.01.2025
Søknadsfrist: 16.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og
utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit
samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.

Webside http://mrfylke.no/jobb
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted ULSTEINVIK (Adresse: Holsekerdalen 180 Postnr: 6065)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 20-01-2025
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5d735c94-fb26-4ab4-ae84-05518d7da494
IMPORTAPI