Job Description

Published 30-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Regional representant for Helse Vest i Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn

«Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn» (heretter: Nettverket) arbeider for at legemiddelbehandling til barn skal vere hensiktsmessig og trygg, og i størst mogleg grad basert på dokumentert kunnskap. Nettverket arbeider for at alle partar som er involverte i legemiddelbehandling av barn skal ha, eller ha tilgang til, nødvendig og relevant kunnskap slik at dei kan handle og samhandle på ein hensiktsmessig, korrekt og trygg måte.

Nettverket blir finansiert over statsbudsjettet, rapporterer til Helsedirektoratet, og drifta er underlagd Helse Bergen og Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus.

Nettverket er tverrfagleg og blir leia av barnelege og sjukehusfarmasøyt, høvesvis som leiar og nestleiar, begge i 50% stilling.

Den regionale koordinatoren er ein del av styringsgruppa til Nettverket. I denne gruppa er det representantar frå alle dei regionale helseføretaka, samt representant frå primærhelsetenesta. Styringsgruppa skal reflektere Nettverket sin tverrfaglege profil, Helse Vest er representert med ein sjukepleiar.

Utover styringsgruppa har Nettverket også ein stab i Bergen, fordelt på fleire personar i deltidsstillingar med ulikt ansvar. Alle barneavdelingar i landet har eit legemiddelutval tilknytta Nettverket.

Meir informasjon om Nettverket: www.legemidlertilbarn.no

Dei regionale koordinatorane deltar saman med leiinga og representanten for primærhelsetenesta i styringsgruppa, dei blir oppnemnde i samarbeid med regionalt helseføretak (RHF), og blir tilsette av og rapporterer til leiinga i Nettverket.

Arbeidsoppgåver

Nasjonalt kompetansenettverk for legemiddel til barn» (heretter: Nettverket) arbeider for at legemiddelbehandling til barn skal vere hensiktsmessig og trygg, og i størst mogeleg grad basert på dokumentert kunnskap. Nettverket arbeider for at alle partar som er involverte i legemiddelbehandling av barn skal ha, eller ha tilgang til, nødvendig og relevant kunnskap slik at dei kan handle og samhandle på ein hensiktsmessig, korrekt og trygg måte.

Nettverket er tverrfagleg og blir leia av barnelege og sjukehusfarmasøyt og har ei tverrfagleg styringsgruppe med representasjon frå alle helseregionane, samt primærhelsetenesta, a. Alle i 10-20% stillingar. Den regionale representanten frå Helse Vest er sjukepleiar og tilsett ved Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen. Ho har permisjon ut året og vi søker hennar vikar.  

Utover styringsgruppa har Nettverket ein stab i Bergen, med ulike ansvarsområde. Eit av dei store arbeidsområde er «Blandekort for barn», der vi også treng forsterking av arbeidsgruppa dette året.  

Det er eit ønske at alle som er tilknytt Nettverket skal ha ei klinisk hovudstilling knytt til arbeid med barn., Derfor frikjøper Nettverket kjøper primært fri tid frå hovudstillinga.  

Meir informasjon om Nettverket: www.legemidlertilbarn.no 

Nettverket søker no vikar for den regionale styringsgrupperepresentanten, som også skal gå inn i arbeidsgruppa for «Blandekort for barn». I utgangspunktet er dette eit kortvarig engasjement, 40% ut 2024. Det kan vere mogeleg med vidare engasjement, det vert avklart i november.  

Søkar må vere sjukepleiar, helst med spesialisering innan barn, og søkar må ha erfaring med arbeid med barn og/eller ungdom i spesialisthelsetenesta. Anna relevant utdanning og erfaring kan også bli vektlagt. Arbeidet i Nettverket er prosjektinnretta, og søkar må derfor evne å arbeide sjølvstendig, men også ha gode samarbeidsevner. Det må påreknast noko reising. Nettverket er involvert i europeiske samarbeidsprosjekt. Søkar må derfor kunne kommunisere trygt på engelsk, både skriftleg og munnleg.

Personleg eignaheit er vesentleg for stillinga, vi etterspør ein sjølvstendig person som kan byggje faglege strukturar og nettverk rundt seg. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ein styrke for søknaden 
  • Det må påreknast noko reising 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk 
  • Sjølvstendig og fleksibel 
  • Positiv og engasjert 

Vi tilbyr

  • Fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
  • Utfordringar og varierte arbeidsoppgåver 

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.   
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Margrete Einen, Dagleg leiar, 99583433
Thomas Halvorsen, Leiar Nettverket, 92464843

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4855886053
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Farmasøytisk og apotekerarbeid
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 15 Postnr: 5021)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dc28fcae-1d75-4e7f-a44b-f04d0508c593
IMPORTAPI