Radiograf til faste stillingar ved Skadepoliklinikken, Radiologisk avdeling – Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Health and social care Radiograf og audiograf(3 weeks ago)
Job Description
Published 02-09-2024
Deadline: 29-09-2024
Radiograf til faste stillingar ved Skadepoliklinikken, Radiologisk avdeling
Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling som nyttar Sectra RIS og PACS-system. Avdelinga har over 350 tilsette der kring 160 av dei er radiografar. Avdelinga er inndelt i fleire seksjonar med eiga leiing. Radiologisk avdeling har ein moderne utstyrspark og utfører dei fleste undersøkingar.
I Bergen Helsehus driv Radiologisk avdeling Skadepoliklinikken i tett samarbeid med Ortopedisk klinikk. Radiografane tilsett ved Skadepoliklinikken både greier ut og behandlar pasientar med akutte skadar. Her jobbar radiografar, legar, sjukepleiarar og merkantile saman, med fokus på teamarbeid gjennom pasientforløpet. Frå januar 2025 startar ein også med drift av mobil røntgen som eit tilbod til kommunehelsetenesta i Bergen kommune og omliggande kommunar.
Frå 1. desember 2024 har Radiologisk avdeling, Skadepoliklinikken ledig to faste stillingar som radiograf. Vi ser etter deg som ønsker å bidra fagleg og utvikle deg innan konvensjonell røntgen.
Arbeidsoppgåver
- Radiograffaglege oppgåver innanfor fagfeltet radiografi/ortopedi
- Todelt turnusarbeid, arbeid kvar fjerde helg i gjennomsnitt
- Mottak, diagnostisering og behandling av pasientar med skade.
- Arbeid i Sectra og DIPS
- Koding og dokumentasjon
- Bistå legar med reponering og gipsing av brot og luksasjonar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Beslutningsdyktig
- Gode kommunikasjonsevner
- Løysingsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til tverrfagleg samarbeid
- Interesse for radiografifaget
- Likar å jobbe aktivt og variert
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Høgt fagleg nivå
- Godt arbeidsmiljø
- Relevant opplæring
- Gode pensjons- og forsikringsavtalar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Iselin Herland, Seksjonsleiar, 99268685, iselin.herland@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Solheimsgaten 9
5058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4850507569
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Radiologisk avdeling, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Radiograf og audiograf |
Sted | BERGEN (Adresse: Solheimsgaten 9 Postnr: 5058) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 29-09-2024 |