Radiograf – Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Radiograf og audiograf(6 days ago)
Job Description
Published 12-12-2024
Deadline: 27-12-2024
Radiograf
Radiograf til fast stilling i Ålesund – bli ein del av vårt spanande team!
Radiologisk avdeling i Ålesund har no ledig ei 100 % fast stilling som radiograf, med oppstart etter avtale med seksjonsleiar.
Vi har eit sosialt og hyggeleg arbeidsmiljø med ein god miks av unge og erfarne radiografar. Her finn du engasjerte kollegaer og ein dynamisk arbeidskvardag som byr på faglege utfordringar. Vi søker deg som er læringsvillig, initiativrik og som bidrar positivt både fagleg og sosialt i gruppa.
Avdelinga vår har høg produksjon og omfattar modalitetar som CT, MR, UL, konvensjonell røntgen og nukleærmedisin (SPECT-CT og PET-CT). Vi har også ein topp moderne intervensjonslab for både generelle og avanserte prosedyrar som EVAR, samt eit brystdiagnostisk senter som utfører både screening og kliniske undersøkingar. Hos oss dekker vi dagleg spesialområder som lunge, hjarte, urologi, gastro, gynekologi, muskel- og skjelett, barn, nevro/ØNH, og brystdiagnostikk.
Ålesund og Sunnmøre er kjende for sine spektakulære fjordar, fjell og byar – eit eldorado for natur- og kulturinteresserte. Med kort veg til både flyplass (25 minutter) og storslått natur, ligg alt til rette for eit rikt og spanande liv også utanfor arbeidstida. Sjå her for meir informasjon.
Virker dette spanende? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du legger ved dokumentasjon på vitnemål, arbeidserfaring og referanser. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som fremkjem i CV og til å fastsette lønn. Søknadsfrist er snarast mogleg , og intervju og ansettelse blir gjennomført fortløpande.
Helse Møre og Romsdal HF ønsker at våre medarbeidere skal gjenspeile befolkningens mangfold og vi oppfordrar kvalifiserte til å søke hos oss, uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjelder dersom du har hatt eit opphold i arbeidslivet.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pålagde arbeidsoppgåver i seksjonen
- Sikre at eigen kompetanse alltid er i samsvar med aktuelle krav og retningslinjer
- Vere positiv til tilleggsoppgåver ved behov
- Turnusarbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Relevant erfaring vil bli vektlagt
- Vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og engasjert
- Evne og vilje til samarbeid i ein aktiv arbeidskvardag
- Bidra til eit positivt og godt samarbeidsmiljø
- Nøyaktig og med høg arbeidskapasitet
- Fagleg engasjert
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4892647838
Stillingsprosent: 100%
Fast
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Radiograf og audiograf |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-12-2024 |