Radiograf i turnus – Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Health and social care Miljøarbeidere(2 weeks ago)
Job Description
Published 05-12-2024
Deadline: 03-01-2025
Radiograf i turnus
Er du vår nye kollega? Ønskjer du fast jobb som radiograf midt i flott vestlandsnatur med kort veg til fjell og hav, og på same tid ha tilgang på kafear, konsertar og butikkar? Vi har ledig stillingar ved Førde sentralsjukehus:
- 100% fast stilling
- 100% vikariat frå snarast til 02.11.2025
Stillingane inneheld radiograffagleg arbeid innan røntgen, intervensjon/gjennomlysing, CT og ultralyd. Stillingane er del av ein 3-delt turnus (35,5 t/veke) med arbeid kveld, natt og kvar 3.-4. helg. Det er også mulegheit for opplæring og rullering innom MR eller mammografi. Dato for første arbeidsdag er fleksibel og kan avtalast. Vikariatet kan bli mogleg å forlenge.
Seksjonen i Førde har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og fagleg utvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 31 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no .
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Førde har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Førde ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte. Les meir om Sunnfjord kommune.
Arbeidsoppgåver
- Utføre radiograffagleg arbeid innan CT, konvensjonell røntgen, gjennomlysing/intervensjon
- Assistere radiolog ved ultralyd
- Arbeid i team, også med andre einingar og profesjonar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Meistre norsk godt både skrifteleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Fagleg engasjert og interessert
- Initiativrik og handlekraftig
- Arbeider godt i team
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Kjekke og dyktige kollegaer
- Faglege utfordringar og moglegheit for utvikling
- Tilpassa opplæring
- Konkurransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid i IA-bedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, +47 57839616
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4893441594
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Sluttdato: 02.11.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 03-01-2025 |