Rådgjevarar/seniorrådgjevarar – Statsforvaltaren i Vestland
Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling(22 hours ago)
Job Description
Published 27-11-2024
Deadline: 02-01-2025
Rådgjevarar/seniorrådgjevarar
Om stillinga
Utdanning- og verjemålsavdelinga har ansvar for rettleiing, tilsyn og forvaltningsoppgåver innan barnehage, opplæring og integrering. Avdelinga skal sjå til at nasjonal politikk vert gjennomført ute i kommunane. Dette gjer vi mellom anna ved å behandle klager, rettleie kommunar om regelverk og statleg politikk og ved tilsyn av kommunane sin praksis. Vi søkjer no etter fleire nye medarbeidarar på opplærings – og integreringspmrådet.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn etter opplæringslova, barnehagelova og integreringslova.
- Klagehandsaming etter opplæringslova og integreringslova.
- Informere og rettleie kommunar og ålmenta om innhald, lovverk og mål i den nasjonale utdanning- og integreringspolitikken.
- Følgje opp statlege satsingar.
- Andre oppgåver innanfor avdelinga sitt samla oppdrag.
Kvalifikasjonar
- Master i rettsvitskap eller master i samfunnsvitskaplege eller pedagogiske fag. Relevant erfaring kan vege opp for kravet om mastergrad.
- God kunnskap om kommunesektoren, offentleg forvaltning og Statsforvaltaren si rolle i styringssystemet.
- Interesse for opplæring- og integreringsfeltet.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer kandidatar som har:
- evne til å følgje og fordjupe deg i eit fagfelt, og synleggjere aktuelle problemstillingar i eige fylke
- evne til å kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, både skriftleg og munnleg
- vilje og evne til å samarbeide, både med kollegaer og eksterne, om å løyse oppgåvene på best mogleg måte
- ønskje om å delta aktivt i avdelinga sitt utviklingsarbeid
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statsforvaltaren i Vestland orgnr: 974744597 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter. Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert. Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger. |
Webside | https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | LEIKANGER (Adresse: Njøsavegen 2 Postnr: 6863) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 02-01-2025 |