Rådgjevar studiekvalitet – FAV – Administrasjon (Bergen), Vestland fylkeskommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(24 hours ago)
Job Description
Published 08-01-2025
Deadline: 23-01-2025
Rådgjevar studiekvalitet
Med over 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Om stillinga
Fagskulen Vestland har ledig eit års vikariat som rådgjevar innan arbeidet med studiekvalitet og opptak ved skulen.
Fagskulen Vestland søkjer etter vikar for å ivareta oppgåver knytt til studiekvalitet og opptak. Det er blant anna behov for å vedlikehalde og utvikle rutiner og prosedyrer for studieplanarbeidet og evaluering av undervisning med vidare. Vi ser etter ein person som kan arbeide sjølvstendig og systematisk med oppgåvene, og samtidig har gode samarbeidsevner.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
- Administrere årlege undersøkingar for studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartar
- Utarbeide datagrunnlag til den årlege kvalitetsmeldinga og utføre ulike analysar
- Sakshandsaming av søknader gjennom Samordna opptak og lokale opptak på skulen
- Koordinere og kvalitetssikre studieplanarbeidet saman med fagmiljøet
- Bidra i anna utviklingsarbeid ved skulen
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på universitets- og høgskulenivå. Mastergrad i samfunnsvitskaplege fag eller lignande
- Relevant arbeidserfaring
- Gode IKT kunnskapar
- Erfaring med analyse-/utredningsarbeid er ein føremon
- God skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeidsevner
- Er initiativrik og sjølvstendig
- Nøyaktig og systematisk
Vi tilbyr
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Kontaktinformasjon
Hege Aarethun, Administrasjonsleiar, +47 99509287, hege.aarethun@vlfk.no
Arbeidsstad
Haugeveien 28
5005 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4902648310
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | FAV – Administrasjon (Bergen), Vestland fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk. |
Webside | https://www.fagskulen.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BERGEN (Adresse: Haugeveien 28 Postnr: 5005) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-01-2025 |