Job Description

Published 11-12-2024
Deadline: 20-01-2025

 

Rådgjevar/ spesialkonsulent bibliotekutvikling

Vestland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsstadene i fylket, med over 6000 tilsette. Ønskjer du å arbeide i eit spanande og innovativt miljø med høve til å påverke samfunnsutviklinga innanfor det bibliotekfaglege området? Då er kanskje dette stillinga for deg.

Vestland fylkeskommune søker etter rådgjevar/spesialkonsulent for 100% fast stilling. Stillingane vil inngå i eining for bibliotekutvikling på seksjon for kulturformidling, som er del av avdeling for kultur og folkehelse. Eininga har lokasjon både i Bergen og Førde, og dei som vert tilsett får arbeidsstad Førde.

Eininga forvaltar fylkeskommunen sin lovpålagde rolle på bibliotekområdet som ivaretar regionale oppgåver og regional utvikling, medrekna å gje råd til lokale myndigheiter, yte bibliotekfagleg rettleiing og assistanse, og arrangere møte og kurs om bibliotekspørsmål.

Vi ønsker å gjenspegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar med variert arbeids- og livserfaring, etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne, til å søke jobb hos oss. Vi er ei verksemd med inkluderande arbeidsliv, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidsmiljø. Vi er også sertifisert for likestilt arbeidsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med regionale bibliotekoppgåver og regional bibliotekutvikling
  • Bibliotekfagleg rådgjeving og assistanse til kommunane
  • Leie og delta i bibliotekfaglege utviklingsprosjekt i samarbeid med kommunar og andre samarbeidspartar regionalt og nasjonalt
  • Planlegge og arrangere møte, kurs og kompetansehevande tiltak for bibliotektilsette
  • Andre arbeidsoppgåver som det er naturleg å legge til stillingane

Kvalifikasjonar

  • Bibliotekfagleg kompetanse på minimum bachelornivå
  • Anna relevant utdanning på hovudfag/mastergradnivå vil også bli vurdert
  • Ønskjeleg med erfaring og kompetanse innan bibliotekfagleg utviklingsarbeid, gjerne prosjektarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap

Personlege eigenskapar

• Likar å ta ansvar og kan jobbe sjølvstendig 
• Kan arbeide strategisk med langsiktige mål for utvikling av biblioteksektoren i fylket
• Har god formidlingsevne og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 
• Har gode samarbeidsevner og er ein lagspelar
• Systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
• Evne til å inspirere og presentere fagområdet i ulike samanhengar

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i ein framoverlent organisasjon, der du kan vera med å setta preg på utviklinga i Vestland fylke  
  • Eit inkluderande og sterkt fagmiljø 
  • Varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Attraktive pensjons- og forsikringsordningar 
  • Løn etter avtale 
  • Moderne og trivelige kontorlokale i Førde

Kontaktinformasjon

Elin Golten, Leiar bibliotekutvikling, 47237315, elin.golten@vlfk.no

Arbeidsstad

Storehagen 1B
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4882092496
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver KFO – Bibliotekutvikling, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside www.vestlandfylke.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted FØRDE (Adresse: Storehagen 1B Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f54e8e7b-66a4-4ec9-9cf0-77ecde97cfff
IMPORTAPI