Job Description

Published 07-10-2024
Deadline: 22-10-2024

 

Rådgjevar/seniorrådgjevar – verjemål

Om stillinga

Verjemålsseksjonen har no ledig ein fast stilling med kontorstad Leikanger eller Bergen. 

Statsforvaltaren er lokal verjemålsmyndigheit og har ansvaret for verjemålssakene i fylket. Statsforvaltaren i Vestland har i dag ansvaret for om lag 7700 aktive saker. 

Verjemål er eit variert og samansett fagfelt, med oppgåver innan m.a. rettsområda arv- og skifterett, barnerett, forvaltningsrett og sivilprosess. Statsforvaltaren i Vestland fremjar saker for domstolane om fråtaking av rettsleg handleevne, og har rett til å vere sjølvprosederande. Vi forvaltar også midlar på vegner av barn og vaksne i Vestland fylke. Som førstelineteneste har vi i tillegg ansvar for å rettleie publikum om verjemålsordninga og dei private alternativa til verjemål. 

Utdannings- og verjemålsavdelinga har tre seksjonar, ein verjemålsseksjon og to utdanningsseksjonar, alle med tilsette både på Leikanger og i Bergen. Verjemålsseksjonen har i dag 26 tilsette med juridisk, økonomisk, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse. 

Arbeidsoppgåver

  • Oppretting av verjemål for vaksne  
  • Rettleiing til publikum på telefon 
  • Andre sakshandsamingsoppgåver kan bli tildelte etter avtale med seksjonsleiar  

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan samfunnsfag, sosialfag, jus, økonomi eller anna relevant utdanning, på bachelornivå eller tilsvarande 
  • Erfaring frå/interesse for sakshandsaming og offentleg forvaltning
  • Erfaring frå skriftleg og munnleg formidlingsarbeid

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer deg som:

  • er samfunnsengasjert og har interesse for arbeid med menneske
  • har gode munnlege kommunikasjonsevner og god skriftleg framstillingsevne 
  • har evne til å arbeide strukturert, effektivt og fullføre enkeltoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag
  • kan arbeide sjølvstendig, men samtidig delta i drøftingar og samarbeid med andre ved behov

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • trening i arbeidstida
  • heimekontor 
  • fleksibel arbeidstid
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, 
    gunstig bustadlån og forsikringsordning

Vi ønskjer mangfald

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.

Vilkår

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. 

Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.

Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.

Tenestemålet til embetet er nynorsk.

Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statsforvaltaren i Vestland orgnr: 974744597
Kort om arbeidsgiver

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Webside https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LEIKANGER (Adresse: Njøsavegen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/83e7f007-7508-4a13-9b11-051a2e021818
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269053