Job Description

Published 06-11-2024
Deadline: 21-11-2024

 

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Avdeling for organisasjon og økonomi – HR-seksjonen Organisatorisk støtte og HMS søkjer rådgjevar/seniorrådgjevar HMS med vekt på psykososialt arbeidsmiljø 

Vil du ha ei viktig rolle innan HMS i ein kompleks og spennande organisasjon?  
HR-seksjonen søkjer etter ein dyktig rådgjevar/seniorrådgjevar innan HMS med vekt på psykososialt arbeidsmiljø. Hos oss får du ei sentral rolle med stor moglegheit for innverknad gjennom strategisk arbeid. Du vil også ha ein meir operativ funksjon gjennom å forme, utvikle og følgje opp tenestetilbodet som ligg under fagfeltet og ansvarsområdet til HMS-gruppa.  

Ditt hovudarbeidsområde vil vere psykososialt arbeidsmiljø der du får jobbe med arbeidsmiljøutvikling og konfliktførebygging og -handtering. Du vil også ha ei viktig rolle med å gje leiarstøtte på feltet, og i opplæring til leiarar og AMU-medlemmar. Det er stor grad av autonomi i rolla. Tverrfagleg samarbeid står sentralt hos oss, og vi søkjer etter deg med god evne til relasjonsbygging og dialog.      

Arbeidsoppgåver

  • Strategisk arbeid innan risikobasert arbeidsmiljøutvikling 
  • Bidra i arbeidet med organisasjons- og kulturutvikling  
  • Konfliktførebygging og -handtering
  • Leiarutvikling og -opplæring  
  • Utvikling, systematisering og dokumentasjon på HMS-området  

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i relevante fag. Krav om mastergrad kan fråvikast om du har særleg relevant arbeidserfaring og relevant utdanning på bachelornivå (konsulent/seniorkonsulent)
  • Relevant arbeidserfaring, gjerne frå større, komplekse organisasjonar
  • God kjennskap til offentleg sektor er ein klar fordel  

Personlege eigenskapar

Som person er du strukturert og analytisk, samtidig som du er handlekraftig og har god gjennomføringsevne. I tillegg har du relasjonsbyggjande eigenskapar som gjer at du får med deg dine samarbeidspartnarar. Du har også god skriftleg og munnleg framstillingsevne.  

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle med betydeleg ansvar innanfor eit spennande fagfelt  
  • Utviklande arbeidsoppgåver  
  • Relevant kompetanseutvikling  
  • Eit triveleg og engasjert arbeidsmiljø 
  • Fleksibel arbeidstid  
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

Kontaktinformasjon

Vibeke Johnsen, Leiar HR Organisatorisk støtte og HMS, 95899022, vibeke.johnsen@vlfk.no

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4876311411
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ORO – HR Organisatorisk støtte og HMS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside www.vestlandfylke.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cc9eac38-42b1-4269-869b-e95ffdb767b8
IMPORTAPI