Job Description

Published 31-10-2024
Deadline: 29-11-2024

 

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Nav bilsenter Vest-Norge er lokalisert ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen, som  er eit ressurs- og kompetansesenter på andrelinjenivå. Vi held til på Kokstad i Bergen og er ca. 120 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve og døvblinde.
 
Nav bilsenter Vest-Norge har ledig ei 100 % fast stilling som saksbehandlar. Stillinga er plassert i lønnskode 1434/1364 med lønn frå kr. 584.500,- til kr 615.700,-.
Vi søkjer ein effektiv, serviceinnstilt og løysningsdyktig medarbeidar.

Arbeidsoppgåver

Oppgåver vil mellom anna vere:

  • behandling av søknader om stønad til motorkøyretøy etter folketrygdlova kapittel 10
  • oppfølging og førebuing av stønadssaker og vedtak, handtering av gjeldsdokument og gjeldsoppgjer, klagebehandling med meir

    Nav og hjelpemiddelområdet er i stadig endring. Arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli endra.

   

Kvalifikasjoner

  • Du må ha relevant bachelor- eller mastergrad innan til dømes jus, økonomi eller samfunnsfag  
  • kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg med kollegaer og samarbeidspartnarar

Vi ynskjer at du har

  • erfaring frå rettleiing, sidan arbeidet omfattar mykje brukarkontakt
  • erfaring frå offentleg saksbehandling

Personlige egenskaper

Du må

  • identifisere deg med NAV sin visjon og verdiar
  • vere fleksibel og omstillingsdyktig
  • ynskje å bidra til vidareutviklinga av fagområde og tenester
  • kunne jobbe målretta og sjølvstendig
  • ha stor arbeidskapasitet
  • ha interesse for å jobbe med ulike digitale flater og kommunikasjonskanalar

    Ved tilsetting legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr

  • spennande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø
  • tverrfagleg team med høg kompetanse
  • fleksibel arbeidstid
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna vert det trekt 2 %)

    Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Øivind Vabø, på e-post til oivind.vabo@nav.no eller telefonnr. 93 01 52 92

 

Kontaktinformasjon

Øivind Vabø, Avdelingsleiar , 93 01 52 92, oivind.vabo@nav.no

Arbeidssted

Kokstaddalen 35
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4879784241
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted KOKSTAD (Adresse: Kokstaddalen 35 Postnr: 5257)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/eb6d9807-ed06-40ac-b0e2-24bfb8e1c6e5
IMPORTAPI