Job Description

Published 31-10-2024
Deadline: 14-11-2024

 

Rådgjevar/seniorrådgjevar 

Om stillinga

KRUS søkjer etter ein rådgjevar/seniorrådgjevar til ei mellombels stilling for eitt år, med moglegheit for forlenging. 

Vi ser etter deg som vil utvikle og formidle vårt kompetansetilbod som bidreg til kunnskapsbasert straffegjennomføring saman med engasjerte kollegaer. Stillinga er organisert i kompetansesenteret til kriminalomsorga.

Vi har behov for ei styrking av kompetansen innan radikalisering, tryggleik, beredskap og valdeleg ekstremisme, samt i internasjonale aktivitetar gjennom EØS-prosjekt. Stillinga skal dekkje nasjonale og internasjonale kompetansebehov på desse områda.

 

KRUS er ein aktiv aktør med moglegheit til å utvikle og påverke innhaldet i straffegjennomføring både i fengsel og samfunn. Kompetansesenteret tilbyr etterutdanning, fag- og erfaringssamlingar og nasjonale konferansar for tilsette i kriminalomsorga og våre samarbeidspartnarar. Avdelinga har òg ansvar for utviklingsarbeid, utgreiingar og evalueringar innanfor område som speglar etatens utfordringar.

Hos oss vil du få moglegheit til å jobbe med kompetanseutvikling tett på praksisfeltet. Evne til innovasjon og bruk av digitaliserte løysingar vil vere sentralt i både undervisnings- og utviklingsoppgåver. Ansvarsområdet vårt er breitt. Det krev at du kan bidra innanfor fleire fagområde og jobbe sjølvstendig i eit sterkt fagmiljø. Du kan òg få tilbod om å bidra i undervisning på høgskolekandidat- og/eller bachelorstudiet i straffegjennomføring.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for revisjon, utvikling og gjennomføring av etterutdanning oppført i kriminalomsorgens kompetansekalender, samt utviklingsoppgåver innan følgjande område; radikalisering og valdeleg ekstremisme og tryggleiks- og beredskapsområdet.
  • Deltaking i internasjonale prosjekt.
  • Utvikle nye digitale undervisningsløysingar.
  • Utgreiings- og evalueringsoppgåver og leiing av prosjekt- og arbeidsgrupper.
  • Ansvar for revisjon, utvikling og gjennomføring av etterutdanning oppført i kriminalomsorgens kompetansekalender, samt utviklingsoppgåver innan følgjande område; radikalisering og valdeleg ekstremisme og tryggleiks- og beredskapsområdet.
  • Deltaking i internasjonale prosjekt.
  • Utvikle nye digitale undervisningsløysingar.
  • Utgreiings- og evalueringsoppgåver og leiing av prosjekt- og arbeidsgrupper.

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

Du må ha:

  • relevant erfaring frå kriminalomsorga eller tilsvarande etatar
  • generell og oppdatert fagkompetanse om radikalisering og valdeleg ekstremisme, i tillegg til tryggleiks- og beredskapskompetanse
  • gode digitale ferdigheiter
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner, både på norsk og engelsk, gjerne òg andre språk
  • relevant utdanning på masternivå. Lang og relevant erfaring kan erstatte kravet til utdanning
  • til stilling som seniorrådgjevar krevst lang og særs relevant erfaring på høgt nivå.

Det er ønskjeleg at du har:

  • undervisning og/eller interesse for å undervise
  • nettbasert undervisning og bruk av digitale løysingar
  • EØS-samarbeid i regi av kriminalomsorga
  • prosess- eller prosjektleiing.

Personlege eigenskapar

Om du er engasjert, initiativrik og har god gjennomføringsevne, kan det vere deg vi ser etter. Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ta ansvar for å halde deg fagleg oppdatert. For å lukkast i stillinga må du evne å sjå løysingar og ha gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • eit utviklande og hyggeleg arbeidsmiljø og kollegaer med høg fagleg kompetanse
  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit spennande fagfelt med tverrfagleg nettverk
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • kantineordning, treningsrom, trening i arbeidstida og parkering
  • Midlertidig stilling som rådgjevar kode 1434 med løn frå kr 604 900,- til kr 708 000,-, eller seniorrådgjevar kode 1364 med løn frå kr 624 500,- til kr 759 100,-. Løn er avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Det blir trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse. For spesielt godt kvalifiserte kan høgare løn vurderast.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Hege Lauritzen på tlf. 98 46 58 18 eller e-post:hege.lauritzen@krus.no, for nærare informasjon om stillinga.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS orgnr: 974714701
Kort om arbeidsgiver

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS er den einaste i Noreg som utdannar fengselsbetjentar og er eit kompetansesenter for kriminalomsorga. Vi har eit viktig samfunnsmandat knytt til å utvikle og formidle kompetanse til kriminalomsorga både i Noreg og i utlandet. Vi tilbyr høgskolekandidatstudium i straffegjennomføring som kvalifiserer for stilling som fengselsbetjent, eit påbyggingsstudium som fører til graden Bachelor i straffegjennomføring og fleire etter- og vidareutdanningar. I tillegg driv KRUS ei utstrekt forskings- og utviklingsverksemd. 
KRUS har cirka 65 tilsette og held til sentralt i Lillestrøm. Les meir om oss på www.krus.no

Webside http://www.krus.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LILLESTRØM (Adresse: Solheimsgaten 21 Postnr: 2000)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3f5990cf-d343-4471-bbc9-0be1cd59f35a
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270279