Job Description

Published 12-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Rådgjevar / seniorrådgjevar informasjonsforvaltning

Er du teknikar og ønskjer å nytta kompetansen din til å sørge for effektiv informasjonsutveksling i ein av Noregs største fylkeskommunar?

Dokumentasjonsforvaltning kan foreinkla sett skildrast som å påføre metadata til verdifull informasjon, slik at denne kan gjenbrukast på ein effektiv og brukarvenleg måte. Tradisjonelt har offentleg sektor ivareteke dette gjennom at sakshandsaminga skjer i eigne sak- og arkivløysingar. Slike system vil framleis vera viktige, men utviklinga er no at brukarar i større grad vil nytta eigne fagsystem som anten har innebygd arkivering eller der dokumentasjon vert overført til arkivsystem via integrasjonar. Vidare er det eit sterkt behov for å automatisere prosessane i dei ulike systema. Denne utviklinga stiller nye krav til kompetanse i fagfeltet, og dokumentsenteret i Vestland fylkeskommune ønskjer no å tiltrekke seg ein teknolog som kan komplimentere og bidra til å utvikle vårt dyktige familjø.

Stillinga er fast og tiltreding kan skje når riktig kandidat er tilgjengeleg.

Arbeidsoppgåver

  • Inngå i team IT-arkivering
     – Uttrekk, bevaring og tilgjengeleggjering av elektronisk arkivmateriale.
     – Vurdere moglegheit for innebygd arkivering (Archiving by Design) ved anskaffing av fagsystem. 
  • Inngå i team systemforvaltning 
     – Systemadministrasjon av arkiv og fagsystem i einingas portefølgje, med særleg ansvar for integrasjonar.
     – Inneha rolla som arkivforvaltar i utvalde fagsystem.
  • Utvikle og forvalte automatiseringsprosessar
  • Ved behov: Deltaking i tverrrfaglege prosjekt innan informasjonsforvaltning
  • Andre oppgåver må påreknast.  

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning (minimum bachelor/ingeniør) innan informasjonsteknologi. Relevant erfaring med dokumenterte resultat kan etter vurdering erstatta formalkrav til utdanning.
  • Ønskjeleg med erfaring innan stillingas ansvarsområde og oppgåver.
  • God systemforståing og teknisk kompetanse.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. 

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for fagområde og positiv haldning til digitaliering.
  • Du trivst i miljø med fleksible oppgåver, høgt arbeidstempo og intensjonsbasert leiing.
  • Du er sjølvstendig, løysingsorientert og initiativrik.
  • Du er serviceinnstilt og har vilje og evne til å samarbeide for å oppnå felles mål.
  • Du er fagleg nysgjerrig og likar å halde deg oppdatert, samstundes som det er naturleg for deg å dele kunnskap med dei rundt deg.

Vi tilbyr

  • Arbeid og kompetansebygging innan eit relevant fagområde i stor utvikling.
  • Samarbeid med fagleg dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø.
  • Løn etter avtale.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor.

Kontaktinformasjon

Kenneth Stigen Fureli, leiar, 91130261

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4867286439
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver IDI – Dokumentsenter, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside https://www.vestlandfylke.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/83c15f70-2b73-4b99-95b8-ff1e52195666
IMPORTAPI