Rådgjevar/seniorrådgjevar – helse og omsorg – Statsforvaltaren i Vestland
Health and social care Nurse(2 weeks ago)
Job Description
Published 22-10-2024
Deadline: 15-11-2024
Rådgjevar/seniorrådgjevar – helse og omsorg
Om stillinga
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ledig stilling som jurist, i seksjon kommunehelse og -omsorg. Vi har ulike rådgjevings- og forvaltningsoppgåver og fører tilsyn med barneverns-, helse-, omsorgs- og sosialtenestene. Vi har også brei kontakt med kommunar, spesialisthelstenester og nasjonale styresmakter. Avdelinga har tre seksjonar og kontorstader i Leikanger og Bergen. Fylkeslegen leier avdelinga som har tilsette med kompetanse innan barnevern, helse- og sosialfag, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon. Kontorstad for denne stillinga er Leikanger eller Bergen.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet er variert og inneber samarbeid på tvers av fagfelt. Oppgåvene blir tilpassa kompetansen til den som får stillinga og den samla faglege kompetansen i avdelinga.
Aktuelle oppgåver er
- oppgåver innan tvangslovgiving
- juridiske vurderingar i enkeltsaker og klager
- tilsyn med helse- og omsorgstenester
- råd og rettleiing til kommunar, helseføretak, helsepersonell og enkeltpersonar
- rettleiing i form av møteverksemd, innlegg på konferansar m.m.
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap
- Kjennskap til offentleg forvaltning
- Erfaring frå helse- og omsorgstenesta er positivt.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert
- formidlar kompliserte problemstillingar på ein god måte.
- har god munnleg og skriftleg formidlingsevne på nynorsk og bokmål.
- arbeider systematisk og sjølvstendig.
- har gode evne til samarbeid.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk.
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statsforvaltaren i Vestland orgnr: 974744597 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter. Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar. Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert. Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger. |
Webside | https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | LEIKANGER (Adresse: Njøsavegen 2 Postnr: 6863) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-11-2024 |