Rådgjevar/seniorrådgjevar – Fosterhjemstjenesten i Stavanger, Bufetat
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 day ago)
Job Description
Published 06-01-2025
Deadline: 21-01-2025
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Ved Fosterhjemstjenesten i Bufetat, region vest, avdeling Stavanger, har vi kollegaer som blir pensjonistar og ein kollega som startar fødselspermisjon. Vi har derfor ledig to faste 100 % stillingar og eitt vikariat i 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar, og med tilsetjing frå 01.04.25. Fosterheimsmeldinga stiller nye krav til Bufetat og gir spennande oppdrag innan fosterheimsområdet. Det kan derfor bli behov for fleire stillingar i nær framtid.
Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø med eit engasjerande samfunnsoppdrag. Kontoret vårt ligg i Statens hus, Lagårdsveien 44 i Stavanger, der vi i dag er 24 tilsette, medan heile enheten består av om lag 65 kollegaer. Vi arbeider med å auke samarbeid og oppgåveløysing på tvers av avdelingar.
Vårt oppdrag er å bistå kommunar når barn har behov for fosterheim. Vi samarbeider med kommunar, barn, deira familiar og ulike sektorar og organisasjonar. Vi er ein teneste som blir påverka av ytre forhold og endringar i barnevernsfeltet, noko som gjer kontinuerleg utvikling og tilpassing av tenesta nødvendig for å sikre gode løysingar.
Arbeidsoppgåver
1 fast stilling: Arbeidsoppgåver som rådgjevar/seniorrådgjevar med meiransvar innan familieråd:
- Sakshandsaming etter henvisning frå barneverntenesta.
- Utadretta verksemd, inkludert metode- og implementeringsstøtte til eigne einingar og kommunar.
- Drøfting av einskildssaker og undervisning i større og mindre grupper.
- Drift av familierådskoordinatorgruppa, inkludert rekruttering, opplæring, individuelle samtalar og gruppeveiledning.
- Dokumentasjonsarbeid.
- Arbeid i team og sjølvstendig arbeid.
- Bidra i utviklings- og forbetringsarbeid.
- Andre oppgåver og meiransvar.
1 fast stilling og 1 vikariat: Arbeidsoppgåver som rådgjevar/seniorrådgjevar innan rekruttering:
- Rekrutteringsaktivitetar for å auke antall familiar som blir fosterheimar.
- Kontakt og oppfølging av familiar som ønskjer å bli fosterheim.
- Utstrakt utadretta verksemd og samarbeid med kommunar, offentlege verksemder og frivillige organisasjonar.
- Dokumentasjonsarbeid.
- Arbeid i team og sjølvstendig arbeid.
- Bidra i utviklings- og forbetringsarbeid.
- Andre oppgåver og meiransvar.
For samtlige stillingar må det påreknast noko ubekvem arbeidstid.
Kvalifikasjoner
Absolutte krav: Minimum bachelorgrad eller 180 studiepoeng innan relevante fagområde, helst barnevernspedagogikk eller sosialt arbeid. Andre relevante bachelorgrader kan vurderast.
- God forvaltningsforståing og kunnskap om skriftleg dokumentasjon, lovverk og forskrift.
- Erfaring i flerfagleg og tverretatleg samarbeid.
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Gode IKT-ferdigheiter, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
I tillegg ønskjer vi at du har:
- Relevant vidareutdanning
- erfaring med å vere del av endrings- og utviklingsarbeid
- erfaring frå kommunal barnevernteneste, og gjerne fosterheimsarbeid
For stillinga knytt til familieråd: Kjennskap til familierådsmetoden.
Personlege eigenskapar
Du er engasjert, løysingsorientert, kreativ og fleksibel
Du evnar å handtere komplekse problemstillingar og leiar an i arbeidet med å finne gode løysingar i samarbeid med andre
Du likar og er god på å samarbeide i alle samanhengar, samtidig som du er god på å arbeide sjølvstendig og sikrar framdrift innan oppgaveløysinga
Du er god på formidling
Du deltar aktivt i forbetringsarbeid, og trivst med å vere i utvikling
For oss er det viktig korleis du som person eignar deg til jobben, og dette vil bli teke med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr 565 900 – 667 700 pr. år,Stillingskode 1364 seniorrådgjevar frå kr 604 900 – 692 400 pr. år.
- Stillingskode og løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Eit engasjert og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling, og samarbeid med gode og erfarne kollegaer.
- Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Du får vere med på å løfte vårt arbeid slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gji barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysingar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til fosterhjemstjenesten avdeling Stavanger.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Mallin Østerhus, Enhetsleder, 46619387
Hege Garbo Småmo, Avdelingsleder, 46619463
Arbeidssted
Lagårdsveien 44
4010 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 4900489866
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.04.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 21.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fosterhjemstjenesten i Stavanger, Bufetat orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet. Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen |
Webside | http://bufdir.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | STAVANGER (Adresse: Lagårdsveien 44 Postnr: 4010) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-04-2025 |
Søknadsfrist | 21-01-2025 |