Job Description

Published 07-10-2024
Deadline: 30-10-2024

 

Rådgjevar/seniorrådgjevar –  forureining

Om stillinga

Statsforvaltaren i Vestland har ledig ei fast stilling som sakshandsamar for arbeid med regulering av miljøpåverknader frå ulike typar næringsaktivitet. Stillinga er plassert i miljøavdelinga på forureiningsseksjonen, med kontorstad Bergen eller Leikanger. 

Hos oss får du faglege utfordringar og høve til utvikling i eit kompetent og tverrfagleg miljø som samarbeider godt. Du får og bli kjent med ulike næringsaktørar, konsulentselskap, andre statlege etatar og kommunal forvaltning som du har dialog med og rettleier innafor dine saksområde. 

Statsforvaltaren har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss. 

Vi skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Vi er forureiningsstyresmakt for ulike avfalls- og industribransjar, der vi gjennomfører sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova. 

Miljøavdelinga vert leia frå Bergen og har 42 tilsette i to seksjonar, naturmangfald og forureining, med kontorstader på Leikanger og i Bergen.  

Arbeidsoppgåver

  • handsame søknadar om utslepp frå private verksemder og kommunar
  • gjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverket
  • handsame klager på kommunale vedtak og forureining
  • ha kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar
  • rettleiing om miljøregelverket til offentlege og private aktørar

    Vi har eit variert arbeidsfelt og jobbar med mange spennande fagområde. Tilsyn og sakshandsaming gjeld alle typar utslepp og aktivitetar regulert av forureiningslova. Andre oppgåver innan miljøforvaltning kan og bli aktuelle. Du må rekne med ein del reiseverksemd i fylket. 

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare teknisk eller naturfagleg utdanning
  • god kunnskap om miljøpåverknader ved utslepp til det ytre miljøet
  • det vil vere ein fordel med relevant erfaring frå offentleg miljøforvaltning
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er

  • strukturert, sjølvstendig og pliktoppfyllande
  • fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan forureining
  • initiativrik og har gode samarbeidsevner 
  • gode kommunikasjonsevner
  • har godt humør og bidrar positivt til arbeidsmiljøet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norrsk (nynorsk)

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
  • trening i arbeidstida
  • heimekontor 
  • fleksibel arbeidstid
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk

Vi ønskjer mangfald

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.

Vilkår

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. 

Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.

Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.

Tenestemålet til embetet er nynorsk.

Offentleg søkerliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statsforvaltaren i Vestland orgnr: 974744597
Kort om arbeidsgiver

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Webside https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LEIKANGER (Adresse: Njøsavegen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/23b23061-3099-4345-9dc1-99ae3e029f6e
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269093