Rådgjevar – Nav bilsenter Vest-Norge
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(18 hours ago)
Job Description
Published 17-11-2024
Deadline: 09-12-2024
Rådgjevar
Nav bilsenter Vest-Norge er lokalisert ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen, som er eit ressurs- og kompetansesenter på andrelinjenivå. Vi held til på Kokstad i Bergen og er ca. 125 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning rådgjeving og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, tolketenester for døve og døvblinde og arbeidsretta rettleiing på syns- og høyrselsområdet.
Nav bilsenter Vest-Norge har ledig ei 100 % stilling som rådgjevar/formidlar (stillingskode 1434) med lønn frå kr. 584.500 til kr. 604.900.
Vi søkjer ein effektiv, serviceinnstilt og løysingsdyktig medarbeidar.
Arbeidsoppgaver
Oppgåver vil mellom anna vere
- samarbeid med brukarar, pårørande, førstelinjetenesta og spesialisthelsetenesta
- samarbeid med ombyggarar, bilforhandlarar, køyreskular og trafikkstasjon
- utredningsmøte og tilrådingar om løysingar i bil
- gjennomføring av mini-konkurransar knytt til ombygging og oppfølging av saker hos ombyggarane
- bestilling av bilar og spesialtilpassing av bilane
- kursing og rettleiing av samarbeidspartnarane
Nav og hjelpemiddelområdet er i stadig endring. Arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli endra.
Kvalifikasjoner
Du må
- ha relevant bachelor innan helsefag, til dømes ergoterapeut, fysioterapeut eller sjukepleiar
- kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg
Vi ynskjer at du har
- kjennskap til tekniske hjelpemiddel
- god teknisk forståing
Personlige egenskaper
Vi ser etter deg som
- identifiserer deg med NAV sin visjon og verdiar
- har interesse for bil
- er fleksibel og omstillingsdyktig
- ynskjer å bidra til vidareutviklinga av fagområde og tenester
- har gode samarbeidsevner
- kan jobbe målretta både sjølvstendig og i team
- har stor arbeidskapasitet
- har interesse for å jobbe med ulike digitale flater og kommunikasjonskanalar
Vi tilbyr
- spennande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø
- tverrfagleg team med høg kompetanse
- fleksibel arbeidstid
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna vert det trekt 2 %)
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Øivind Vabø på e-post til oivind.vabo@nav.no eller telefonnr. 93 01 52 92.
Kontaktinformasjon
Øivind Vabø, Avdelingsleiar, 93015292, oivind.vabo@nav.no
Arbeidssted
Kokstaddalen 35
5257 Kokstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4886745028
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2024
DIVERSE INFO