Rådgjevar – Laboratorieklinikken, Helse Bergen

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(1 day ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 17. December 2024
  •  Expire date: 20. January 2025
Job Description

Published 17-12-2024
Deadline: 20-01-2025

 

Rådgjevar

Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet. Laboratorieklinikken har over 900 tilsette og er fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Kreftgenomikk, Biobank Haukeland og Seksjon for bioinformatikk. Den største delen av verksemda er lokalisert til Haukelandsområdet, men vi har også laboratorium ved Kysthospitalet i Hagevik, Voss sjukehus, samt prøvetakingseiningar i Norhordaland og Bergen sentrum.

Laboratorieklinikken har no ei ledig stilling som rådgjevar med særleg ansvar for oppfølging av forsking og innovasjon. Laboratorieklinikken har stor forskingsaktivitet og godt samarbeid med andre sjukehus og universitet. Rågjevaren vil bidra til å følgje opp forsking- og innovasjonsstrategien i Laboratorieklinikken, utøve lokal forskingsstøtte og ha ansvar for forskingsadministrasjon. Utover dette er det aktuelt at rådgjevaren deltar i prosjektarbeid og andre prosessar som pågår i klinikken. 

Stillinga rapporterer til direktør for Laboratorieklinikken. Leiinga i Laboratorieklinikken består av direktør, to assisterande direktørar, og tre rådgjevarar. I tillegg er det tett samarbeid med controller og personalrådgjevar for klinikken. Rådgjevarane jobbar teambasert med nokre sjølvstendige ansvarsområde. 

Arbeidsoppgåver

  • Forskingsadministrasjon, oppfølging av forskingsprosjekt og biobankar
  • Forskingsstøtte, inkludert bistand i utforming av søknadar om ekstern finansiering
  • Prosjektarbeid og saksbehandling, inkludert prosjektleiing og deltaking i endrings- og utviklingsprosjekt, delta i planlegging av ny aktivitet, og koordinering og oppfølging av avdelingane i Laboratorieklinikken
  • Administrasjonsoppåver for Laboratorieklinikken
  • Leiarstøtte for direktør

Kvalifikasjonar

  • Minimum mastergrad i relevant fagfelt 
  • Erfaring med forskingsadministrasjon og forskingsstøtte er ein fordel
  • Kjennskap til laboratoriefag er ein fordel
  • Erfaring med prosjektarbeid vil vere ein fordel
  • Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort
  • Evne til å ta sjølvstendige avgjerder
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og godt fagmiljø under stor utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gunnar Mellgren, Direktør, 55974366
Linda Sleire, Assisterande direktør, 99246588

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4897489263
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Laboratorieklinikken, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/57e5d6c2-a139-4618-98db-c36a99dd83e6
IMPORTAPI