Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 02-01-2025

 

Rådgjevar BIM Prosjekt Byvekstavtale Bergen

Om stillinga

Statens vegvesen har ledig stilling som rådgjevar BIM og søkjer etter ein person med kompetanse innan vegbygging og oppfølging av modellbaserte kontraktar.

Stillinga er knytt til Utbyggingsdivisjonen, Prosjekt Byvekstavtale Bergen, som omfattar fleire prosjekt i Bergen. I første omgang er stillinga knytt til bygging av ny E39 Sykkelstamveg frå Nesttun til Skjold langs Fanavegen i Bergen kommune og planarbeid på E39 Vågsbotn–Klauvaneset. Stillinga omfattar også oppfølging i dei andre prosjekta hjå Byvekstavtale Bergen.

Kontorstad vil vere på prosjektkontoret til Byvekstavtale Bergen, i dag i Nygårdsgaten 112.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Ansvar for modellbaserte metodar i prosjekta til Byvekstavtale Bergen
  • Integrere modellar i prosjektoppfølginga
  • Oppfølging av BIM i detaljprosjekteringa og gjennomføring av entreprisearbeid og kontraktar
  • Dialog med interne og eksterne prosjektaktørar om val og bruk av program for modellbaserte metodar i prosjekta
  • Etablere og implementere gode dokumentstyringsrutinar og strategiar for bruk av BIM i prosjekta

Kompetansekrav

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, med relevant fagkrins, jf. beskrivinga over. Du må ha førarkort klasse B og ha gode framstillingsemne på norsk, munnleg og skriftleg.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå relevante fagområde og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til formell utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, krev vi ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Det vil vera ein fordel om du har kjennskap til VDC-arbeidsmetodikk og relevant programvare som til dømes:

  • Navisworks Manage
  • AutoCAD Civil
  • Novapoint
  • Gemini Terreng
  • ArcGIS
  • Trimble Connect
  • Vi ser også etter kandidatar med noko erfaring innan vegplanlegging.

Personlege eigenskapar som vert vektlagde:

  • erfaring frå arbeid med modellbasert prosjektgjennomføring, bruk av BIM i infrastrukturprosjekt og tverrfagleg forståing
  • gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • at du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
  • at du er strukturert og sjølvstendig
  • nødvendige IT-ferdigheiter for oppfølging og rapportering

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå prosjektleiar Beate Riisnæs, tlf. 962 36 913, eller e-post: beate.riisnas@vegvesen.no.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statens vegvesen orgnr: 924692960
Kort om arbeidsgiver

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. 

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

Webside https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Nygårdsgaten 112 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6f6d4ce7-f312-4cd9-8c7f-d832cf91f04d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271711