Rådgiver – Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(5 hours ago)

  • MOLDE
  •  Post Date: 20. November 2024
  •  Expire date: 8. December 2024
Job Description

Published 20-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Rådgiver

Er du jurist med eller uten arbeidserfaring?

 
Bli kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/

Har du lyst til å jobbe hos ei av dei statlege verksemdene med breiast oppgåveportefølje og med oppdrag frå om lag alle departement? 
Hos oss vil du få ei heilskapleg forståing av rolla vår i samfunnet, og du vil få høve til å jobbe innan fleire fagområde som skole, barnehage, barnevern, helse, verjemål, integrering og sosiale tenester. Arbeidsoppgåvene er varierte og vil kunne inkludere behandling av søknadar, klagebehandling, rettleiing og tilsyn. 
Vi har eit stort fagmiljø med p.t. 18 juristar. Dei fleste oppgåvene våre løysast tverrfagleg. Vi har ei eiga juridisk samarbeidsgruppe for alle dei 27 juristane på embete og vi løyser juridiske utfordringar på tvers av seksjonar og fagområde.

Akkurat no er det seksjon utdanning som treng jurist. Seksjonen har ansvar for skole, barnehage og integrering. Etter kvart vil du kunne få jobbe innfor dei andre fagområda våre.

Har du interesse for god offentleg forvaltning og godt språk? Ønsker du å jobbe i eit aktivt og fagleg arbeidsmiljø med kollegaer i alle aldrar? Dersom du kjenner deg igjen i verdiane våre; engasjert, rettferdig, open og kompetent, håper vi at du søker stilling hos oss.

Vi har no ledig stilling for jurist i verksemdsområdet sosial berekraft.

Kva kompetanse søker vi?

  • Juridisk embetseksamen (cand. Jur.) eller mastergrad i rettsvitskap. Nyutdanna og kandidatar som fullfører mastergrad i haustsemesteret 2024 er også velkommen til å søke.
  • Du har eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk.
  • Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at du har erfaring frå offentleg forvaltning og/eller erfaring frå nokre av fagområda våre.

For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha

  • relevant arbeidserfaring innanfor eitt eller fleire av avdelinga sine fagområde
  • god kompetanse innanfor sakshandsaming, rettleiing, utgreiing eller utviklingsoppgåver

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du er opptatt av godt samarbeid og kompetansedeling
  • Du kan arbeide effektivt og systematisk innafor gitte tidsfristar
  • Du er fleksibel og har evne til å omstille deg
  • Du må være interessert i samfunnsoppdraget og ha god samfunns- og rolleforståelse

Kvifor skal du velje Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?

Vi kan freiste med ei stilling der du jobbar med samfunnsaktuelle saker i ei verksemd som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og i eit arbeidsmiljø der du i stor grad planlegg din eigen arbeidsdag.

Hos oss får du

  • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
  • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
  • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
  • høve til å trene i arbeidstida 

Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Mangfald

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

Praktisk informasjon om søknadsprosessen

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.

Om oss

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».For meir informasjon, kontakt rekrutterande leiar Maren Ingeborg Ørjasæter på telefon (Norge +47) 90041063 eller områdedirektør Tone Monsen Aarø på telefon (Norge +47) 90701979.
 
Søknadsfrist: 08.12.2024 
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statsforvaltaren i Møre og Romsdal orgnr: 874746312
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted MOLDE (Adresse: Postnr: 6412)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3e2d12b5-638d-4307-b3a6-35befde20e40
IMPORTAPI