Job Description

Published 02-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Rådgiver/Seniorrådgiver internkommunikasjon

Vi søker etter ein ryddig og engasjert person med formell kompetanse og brei erfaring, gjerne frå offentleg sektor.

Nyoppretta stilling i Havtil
Havtil har vedteke å styrka arbeidet med internkommunikasjon og lyser i samband med dette ut ei nyoppretta stilling. Den som blir tilsett, skal koordinera eit internt team samansett av tre til fem medarbeidarar. Denne gruppa får ansvar for å etablera prosessar og verktøy som kan betra den interne informasjonsflyten – og for å gjennomføra aktivitetar basert på planar og meir akutte behov. Havtil er samansett av sterke fagmiljø, og det er viktig at informasjon om sentrale saker og prosessar blir presenterte for organisasjonen på ein strukturert og interessant måte gjennom arbeidsåret.

Arbeidsoppgåver

  • Etablera og koordinera eit team av tre til fem medarbeidarar som får ansvar for å legga til rette for god internkommunikasjon i Havtil
  • Legga strategi og bygga grunnlag for god og relevant informasjonsflyt i organisasjonen
  • Hjelpa Hovudleiinga med å informera kollegiet om aktuelle saker
  • Hjelpa tilsyns- og fagleiinga med å formidla relevant stoff i organisasjonen
  • Ansvar for å utvikla interne kanalar og digitale verktøy for å styrka informasjonsflyten
  • Ansvar for relevante prosedyrar innan internkommunikasjon
  • Kontaktpunkt for leiinga i samband med intern krise- og beredskapskommunikasjon

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning innan organisasjon, leiing og kommunikasjon
  • Solid og relevant erfaring med internkommunikasjon, helst frå offentleg sektor
  • Erfaring med arbeid i team eller prosjekt
  • Evne til samarbeid og samhandling
  • Tydeleg språkbruk, både munnleg og skriftleg
  • Flytande i norsk, flink i engelsk
  • God innsikt i relevante, digitale verktøy
  • Samfunnsinnsikt og -engasjement

Havtil er underlagt sikkerhetslova. Søkarar må vera kvalifiserte for autorisasjon under denne loven og kunna autoriserast for nivå “Begrenset”.

Personlege eigenskapar

  • Du må lika å arbeida både sjølvstendig og i team
  • Du må vera initiativrik og sjølvgåande
  • Du må vera trygg og tydeleg i dialog og formidling

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer med høg fagkompetanse
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Høve til vidare kompetansebygging og fagleg utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Høve til heimekontor inntil to dagar i veka
  • Fadderordning
  • Moderne og innbydande byggfasilitetar, eige kontor og god kantine
  • Romsleg parkeringsplass og lett tilgang til bussar
  • Aktivt bedriftsidrettslag og gode treningsfasilitetar i og like utanfor kontorbygget
  • Ordning med trim i arbeidstida
  • Tilgang til bedriftshytte

Kontaktinformasjon

Eileen Brundtland, Kommunikasjonsrådgiver og nettredaktør, 51 87 35 12
Øyvind Midttun, Pressekontakt, 51 87 34 77
Sigve Knudsen, Direktør for Juss og Rammevilkår, 51 87 32 69

Arbeidssted

Professor Olav Hanssens vei 10
4021 STAVANGER

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Havindustritilsynet

Referansenr.: 4862501617
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Havindustritilsynet orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Havindustritilsynet skal leggja premiss for og følgja opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå innan helse, miljø og sikkerheit, beredskap og sikring og gjennom dette også vera med på å skapa størst mogleg verdiar for samfunnet. Havindustritilsynet har òg fått ansvar for å fylgje opp fornybar energiproduksjon til havs, CO2-transport og -lagring og havbunnsmineraler. Til dette arbeidet treng vi dyktige og motiverte fagfolk.

Som arbeidsgjevar vil me i størst mogleg grad spegla mangfaldet i samfunnet.  Difor vert alle kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring oppmoda om å søka jobb hos oss. Dette gjeld med omsyn til både kjønn, alder, etnisitet, funksjonsevne og kandidatar som av ulike grunnar ikkje kan dokumentera ei samanhengande yrkeskarriere. 
Havindustritilsynet jobbar aktivt med IA-arbeid, som mellom anna inneber at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå meir inkluderande arbeidsplassar.

Dersom kandidatar opplyser at dei har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller ikkje kan dokumentera samanhengande yrkeskarriere, kan opplysningane anonymt bli brukt til statistikkformål.

 
 
Webside http://www.havtil.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted STAVANGER (Adresse: Professor Olav Hanssens vei 10 Postnr: 4021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/76bc1bb8-e861-4adc-ad25-88914ca05af1
IMPORTAPI