Job Description

Published 07-11-2024
Deadline: 21-11-2024

 

Rådgivar/seniorrådgivar Juridisk seksjon, Vareførselsdivisjonen

Vil du bidra til å løyse samfunnsoppdraget til Tolletaten? Regelverket for grensekryssande vareførsel har aldri vore viktigare. Vareførselsdivisjonen i Bergen søkjer etter juristar (rådgivarar) som kan støtte oppdraget vårt.
 
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. I tråd med verksemdsstrategien til etaten skal digital dialog og tidleg informasjonsinnhenting gi rask, effektiv og korrekt handtering av varestraumane. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.
 
Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar, og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
 
Juridisk seksjon har 17 tilsette inkludert leiaren. Den primære rolla til seksjonen er som nasjonal eining for regelverks- og prosedyreutvikling. Juridisk seksjon skal yte juridisk bistand til vareførselsdivisjonen og til eksterne aktørar som har behov for avklaring av komplekse juridiske spørsmål innanfor ansvarsområdet vårt. Vi har òg oppfølgings- og koordineringsansvar for 13 samarbeidande aktørar, til dømes Mattilsynet, Miljødirektoratet og Direktoratet for medisinske produkt. Vi søkjer no etter fleire juristar for å styrkje laget vårt.
 
Kva går jobben ut på?
Hos oss får du jobbe med regelverksutvikling og rettslege avklaringar av sentrale og komplekse problemstillingar innanfor vareførselsfaget. Du får bidra med juridiske avklaringar i dagsaktuelle saker som har stor betydning for samfunnet. Arbeidet vil vere knytt til digitaliseringsprosjekt, regelverks- og prosedyreutvikling og utgreiing av juridiske problemstillingar innanfor ei rekkje ulike regelverk, både nasjonale og internasjonale. Du må rekne med at det blir litt reising.
 
Sentrale arbeidsoppgåver

  • Yte juridisk bistand til vareførselsdivisjonen og andre delar av Tolletaten innanfor vareførselsfaget.
  • Behandle og svare på regelverksavklaringar frå publikum og næringsliv.
  • Behandle innsynskrav.
  • Bidra til opplæring i vareførsels- og tollavgiftslovgivinga.
  • Saksbehandling og rådgivning innanfor divisjonens fagområde.
  • Delta i utgreiingar, prosjekt og arbeidsgrupper.

 
Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
  • God fagleg kunnskap og godt fagleg skjønn.
  • Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg (norsk og engelsk).
  • Fordel med interesse for digitaliseringsarbeid og regelverksutvikling.
  • Ynskjeleg med erfaring frå sakshandsaming
  • Nyutdanna er velkomne til å søkje på stilling som rådgivar. For stilling som seniorrådgivar krevst det brei relevant erfaring.

 
Vi søkjer deg som

  • Har gode samarbeidsevner, lyttar og bidreg til godt samarbeid.
  • Likar å ta initiativ og er løysingsorientert.
  • Trivst med å handtere mange oppgåver samtidig.
  • Er strukturert og leverer god kvalitet innanfor fristar

 
Kva kan vi tilby deg?

  • Interessante juridiske oppgåver som vil gi deg kompetanse innanfor mellom anna tollregelverket, skatterettslege spørsmål, regelverk som følgjer av internasjonale avtalar, og regelverket til dei samarbeidande aktørane våre.
  • Eit fagleg miljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer.
  • Ei fleksibel arbeidstidsordning, med mulighet for Bevegelse i arbeidstida (BiA) en time i uken
  • Høve til å leige feriestadene til Tolletaten.
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Lønn som rådgivar i lønnsspennet kr 575 400 til kr 679 700, og for seniorrådgivar 692 400 til kr 796 600 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

 
Verdt å merkje seg 
 
Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss, derfor tilbyr vi deg som er aktuell for stillinga, ein omvend referansesjekk. Det betyr at du kan ringje nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje, for å finne ut om vi er ein god match.  
 
Dersom dette høyrest ut som ei stilling du er interessert i og har lyst til å vite meir om, er du velkommen til å kontakte seksjonssjef Åse Tordahl Nøstbakken på telefon 992 60 035. 
 
 
 
 
Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
 
Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
 
Mangfald og inkludering
Tolletaten meiner at mangfald og inkludering er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar, kompetansar, erfaringar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Mangfald bidreg til auka kreativitet, betre avgjerdsprosessar, større fleksibilitet og styrkjer kulturen og arbeidsmiljøet vårt. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene bli invitert til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen. Dersom du har behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, vil vi prøve å imøtekome dette så langt det let seg gjere.
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tolletaten orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Postnr: 5037)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c273da90-405f-432c-ba7a-2035b7f72002
IMPORTAPI