Job Description

Published 12-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Rådgivar

Stillinga som rådgivar er primært knytta til Regional vurderingseining for rehabilitering ved Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Arbeidsoppgåvene ved Vurderingseininga er i hovudsak driftsretta. Eit team av tre faste medarbeidarar saksbehandlar årleg om lag 4000 tilvisingar for pasientar som søker rehabilitering ved private somatiske rehabiliteringsinstitusjonar. Frå 2024 er det forventa at dette antalet aukar på grunn av nye rutinar i sjukehus.

Teamet har tett samarbeid med legespesialistane som vurderar tilvisingane, og med helsepersonell ved rehabiliteringsinstitusjonane i Helse Vest. Andre samarbeidspartnarar er tilvisarar (fastlegar, legar ved sjukehus o.a.) og anna personell i kommunane og ved sjukhus, pasientar, pårørande, samt personell ved vurderingseiningar og rehabiliteringsinstitusjonar i landet for øvrig. 

Vurderingseininga er ein funksjon ved Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Kompetansesenteret er organisert som ei eining i ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nesttun. Etter planen skal senteret flytte til lokaler på Nordås i Fana bydel i løpet av cirka 4 år. 

Kompetansesenteret har for tida 8 medarbeidarar i Bergen. Utover Vurderingseininga driv kompetansesenteret med forsking, fagutvikling, nettverksbygging og undervisning innan habilitering og rehabilitering. Senteret er også tillagt funksjonen Regional koordinerande eining for habilitering og rehabilitering.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre alle typer oppgåver (digitale) knytt til behandling av tilvisingar, med hovudvekt på oppgåver som krev rehabiliteringsfagleg kompetanse 
  • Delta i vurdering av tilvisingar i samarbeid med legespesialist
  • Ha dialog og løpande utveksling av informasjon med personell ved dei private rehabiliteringsinstitusjonane 
  • Besvare telefonhenvendingar, herunder informere og rettleie pasientar, pårørande og helsepersonell i rehabiliteringsfaglege spørsmål
  • Ha ein generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak i helseregionen
  • Delta i/ta initiativ til utvikling og forbetring av oppgåveløysing og tenester ved Vurderingseininga
  • Delta i vedlikehald av interne retningslinjer og nettside
  • Andre oppgåvar relatert til vurderinger kan bli aktuelle
  • Andre oppgåver relatert til kompetansesenteret for øvrig kan bli aktuelle

    Kvalifikasjonar

    • Søkarar må ha helsefagleg grunnutdanning, masternivå kan vere ein fordel
    • Solid og variert erfaring frå somatisk rehabilitering i kommune eller spesialisthelsetenesta er ein føresetnad
    • Interesse for tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling 
    • Ha oppdatert kjennskap til gjeldande føringar og normerande dokumentar innan rehabilitering
    • Ha god IKT/digital kompetanse
    • Må meistre norsk skriftleg og munnleg på meget godt nivå

    Personlege eigenskapar

    • God fagleg vurderingsevne, fleksibel og løysingsorientert, arbeider målretta og strukturert
    • Vilje og evne til aktivt å søke meir kunnskap når det er nødvendig  
    • Vere ansvarsbevisst, fakta- og løysingsorientert  
    • Ha gode samarbeidsevner, men også kunne arbeide sjølvstendig 
    • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
    • Bidrar aktivt/positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
    • Fleksibel ved endring av oppgåver 
    • Kunne meistre høyt arbeidstempo i periodar

    Vi tilbyr

    • Ein spennande og variert stilling i eit engasjert og kompetent team/kompetansesenter
    • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø 
    • Dyktige og hyggelege kollegaer i eit tverrfagleg og aktivt arbeidsmiljø 
    • Ein viktig og interessant jobb med tett samarbeid med ulike samarbeidspartnarar i kommune- og spesialisthelsetenesta både nasjonalt og regionalt 
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Moglegheit for noko fleksibel arbeidstid innanfor normalarbeidsdagen

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Vegard Pihl Moen, Seksjonsleiar, 55918542

    Arbeidsstad

    Østre Nesttunvegen 2
    5221 Nesttun

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen

    Referansenr.: 4888834085
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 12.01.2025

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver ReHabiliteringsklinikken/ Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, Helse Bergen orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Webside www.helse-bergen.no
    Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
    Yrke Ikke identifiserbare
    Sted NESTTUN (Adresse: Østre Nesttunvegen 2 Postnr: 5221)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 12-01-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dc68b88a-e6a4-4565-88a4-38c148832b46
    IMPORTAPI