Rådgivar/prosjektkoordinator – OPK – Kompetanse, Vestland fylkeskommune
Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling(23 hours ago)
Job Description
Published 20-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Rådgivar/prosjektkoordinator
Vil du vere sentral i eit spennande prosjekt som skal bidra til å auke talet på fagarbeidarar og levere kvalifisert arbeidskraft til Vestland?
Vestland fylkeskommune og Nav har eit felles samfunnsoppdrag på dette området. For å styrke samarbeidet har Vestland fylkeskommune og Nav Vestland sett i gang eit prosjekt som skal vidareutvikle samarbeidet mellom Vestland fylkeskommune, Nav og arbeidsmarknaden. Målet er å få fleire vaksne som står utanfor arbeidslivet inn i opplæring og sikre arbeidsmarknaden kvalifisert arbeidskraft. God samhandling internt i fylkeskommunen vil vere sentralt for å bidra til å styrke arbeidet med vidaregåande opplæring for vaksne.
Som prosjektkoordinator vil du jobbe tett saman med Nav med å planlegge og gjennomføre prosessar som skal bidra til å vidareutvikle nye og meir effektive måtar å samarbeide på.
Prosjektkoordinator i fylkeskommunen vil arbeide tett saman med prosjektkoordinator i Nav og den etablerte prosjektgruppa. Koordinatorane rapporterer til styringsgruppa i prosjektet.
Tilsetjing i prosjektet er til og med 31.12.2026.
Arbeidsoppgåver
Arbeids- og ansvarsområde:
- Utvikle samhandlingsstrukturar mellom Vestland fylkeskommune, Nav og arbeidsliv som skal bidra til å auke talet på fagarbeidarar og levere kvalifisert arbeidskraft.
- Følgje opp og styrke samarbeidet internt i fylkeskommunen og med Nav om opplæring, karriererettleiing og realkompetansevurdering.
- Utvikle samarbeidet med bransjeorganisasjonar, verksemder og ulike offentlege instansar.
- Utvikle gode metodar for å mobilisere og rekruttere deltakarar.
- Gjennomføre prosessar og aktivitetar for å involvere interessentar i prosjektet – t.d. med bedrifter, tilsette i Nav og rettleiingstenestene i Vestland fylkeskommune
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjektet
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på master- eller bachelornivå. For tilsetting som rådgivar krevst det mastergrad.
- Erfaring og kunnskap frå arbeid i og/eller samarbeid med opplæringssektoren i Vestland
- God erfaring med prosjektarbeid/prosessleiing
- God kjennskap til lov og regelverk for opplæringssektoren er ein fordel
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig
- Gode evner til kommunikasjon og samhandling
- Fleksibel, lærevillig og glad i eit stort spenn av arbeidsoppgåver
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver
- Samarbeid i og på tvers av avdelingar og sektorar
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Digital samhandling i eit fagfellesskap med fleire kontorstader
- Løns- og arbeidsvilkår etter kvalifikasjonar og i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar:
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Tor Ivar Sandvik, seksjonssjef, 98692471, tor.ivar.sandvik@vlfk.no
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4887653470
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO