Job Description
Published 10-04-2025
Deadline: 04-05-2025
Rådgivar Klima
Om stillinga
Drift- og vedlikehaldsdivisjonen søkjer ein dyktig rådgivar til Kontrakt og marknad. Her vil du støtte våre operative einingar med ekspertise innan marknad, innkjøp og kontraktar. Vi har sett oss eit ambisiøst mål om å redusere CO2-utsleppa med 55% innan 2030, og di rolle vil vere avgjerande i samarbeidet med eksterne aktørar for å nå dette målet.
Divisjonen har ansvaret for riksvegane i Noreg, med ei omfattande portefølje som inkluderer 150 årlege innkjøp og rundt 350 løpande kontraktar. Vi arbeider med drift, vedlikehald, planlegging og bygging av mindre utbyggingsprosjekt og utbetringstiltak.
Arbeidsoppgåver
Som Rådgivar Klima vil du vere ein viktig bidragsytar i å forme framtidas miljøvenlege vegprosjekt. Du vil utarbeide tildelingskriterium og krav, samt utvikle metodikk og rutinar for å sikre at klima- og miljøomsyn vert ivaretekne i våre kontraktar og prosjekt.
I tillegg vil du spele ei sentral rolle i det strategiske arbeidet i divisjonen. Dette inkluderer å initiere og følgje opp pilotprosjekt, utarbeide ein overordna ladeplan for entreprenørar sine køyretøy og maskiner, og påverke klimaarbeidet i heile divisjonen. Du vil òg representere divisjonen i Statens vegvesens klimaarbeid.
Ansvarsområde:
- Bidra inn i det klimastrategiske arbeidet i divisjonen.
- Bidra i arbeidet med innsamling, analyse og rapportering av klimadata slik at Statens vegvesen når klimamåla på porteføljenivå.
- Kombinere kunnskap innanfor ulike klima- og miljøfagfelt til ei heilskapleg og god praksis i Statens vegvesen.
- Bistå ved utarbeiding og evaluering av klimakrav/-tildelingskriterium i ulike kontraktar.
- Bistå ved gjennomføring av klimagassberekningar.
- Bidra til utvikling i marknaden for nullutsleppsteknologi for drift, vedlikehald og mindre investeringar.
Kompetansar vi vil leggje vekt på:
- Minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule med relevante fagkombinasjonar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Det er òg ein fordel om du har:
- God fagleg og strategisk forståing for klima, miljø og berekraft
- Erfaring frå arbeid med utarbeiding og oppfølging av tildeling og krav i kontraktar
- Kjennskap til innsatsfaktorar og tydingar for klima og miljø
- God klimafagleg kompetanse, gjerne med kjennskap og/eller erfaring med LCA-metodikk, EPD og klimabudsjett/-rekneskap
- Gode ferdigheiter innan digitale verktøy og aktuelle klimagassverktøy
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Vi legg vekt på at du:
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er analytisk og systematisk
- Er nøyaktig og fleksibel
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekk
Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med avdelingsdirektør Bente Johnsen Aase på mob. 95 09 95 96 eller fagdirektør Edvard Thonstad Sandvik på mob. 93 06 52 11.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statens vegvesen orgnr: 924692960 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen. Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter. Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå – eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle. Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane. Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her |
Webside | https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/ |
Bransje | Natur og miljø |
Yrke | Naturvitenskapelige yrker |
Sted | BERGEN (Adresse: Nygårdsgaten 112 Postnr: 5008) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 04-05-2025 |