Rådgivar HMS og kvalitetsarbeid – Ålesund videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
Health and social care Helse- og miljørådgivere(20 hours ago)
Job Description
Published 17-12-2024
Deadline: 26-12-2024
Rådgivar HMS og kvalitetsarbeid
Ålesund videregående skole har ledig stilling som rådgivar.
Stillinga vil vere ein viktig støttefunksjon for leiargruppa og øvrige tilsette, med sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver innan HMS-feltet, kvalitetsleiing og sakshandsaming. Ein stor del av oppgåvene blir løyste i team, der du vil ha ei sentral rolle.
Avdelinga består i tillegg til rådgivarstillinga av administrasjonsleiar og 8 konsulentar. Stillinga rapporterer til administrasjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
– Koordingeringsansvar for HMS, arbeidsmiljøarbeid og vernetjenesten
– Vere sentral i oppbyggingen av skolens kvalitets- og internkontrollsystem
– Bidra til utvikling av fagfeltet
– Overorda ansvar for oppfølging av avtalar med BHT
– Leiarstøtte og opplæring
– Sentral i arbeid med intern- og eksternrevisjonar
– Sakshandsaming innanfor opplæringslova og tilhøyrande forskrift
– Krise- og beredskapsarbeid
– Pådrivar for eit godt og strukturert IA-arbeid
– Sikre at drifta er i tråd med arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter
– Sentral rolle i skolens kvalitetsstyringsgruppe (KS-team)
– Ansvar for skolens avvikssystem og oppfølging av dette
– Utreiiing, rapportering og strategiarbeid
Stillinga er under utvikling, og ein må rekne med endringar i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar
– Minimum 3- årig høgare utdanning innan relevante fagområde som HMS, HR, helsefremmande arbeid eller liknande
– God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet
– Erfaring innan systematisk HMS-arbeid
– Erfaring frå leiing eller fasilitering av HMS arbeid
– Kjennskap til ISO 9001 (Leiingssystem/kvalitetssystem)
– Erfaring frå arbeid med kvalitetsleiing, internkontroll og revisjon
– Kjennskap til stoffkartotek
– Kjennskap til miljøsertifisering
– God digital forståing og gode digitale ferdigheiter
– Du er analytisk, strukturert og sjølvstendig
– Kompetanse innan sakshandsaming etter forvaltningslova og opplæringslova
Svært relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
Personlege eigenskapar
Du
– har god relasjonskompetanse
– er tydeleg, og har god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
– har kunnskap og erfaring frå store organisasjonar med administrativ og fagleg kompleksitet
– er serviceinnstilt, og har gode samarbeidsevner
– er ein lagspelar, men jobber også godt sjølvstendig
– har evne til å arbeide analytisk og strukturert
– er fagleg trygg og likar å vere ein synleg ambassadør på ditt fagområde
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ole Reinlund, Rektor, +47 90909603
Arbeidsstad
Gangstøvikvegen 27
6009 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4895909505
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ålesund videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: 974576503 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om skolen: Vi er lokalisert både på Campus Ålesund (i Fagerlia) og på Volsdalsberga. |
Webside | https://alesund.vgs.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helse- og miljørådgivere |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Gangstøvikvegen 27 Postnr: 6009) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Videregående skole |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-12-2024 |