Rådgivar (fast stilling) – Kunnskapsdepartementet

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(22 hours ago)

  • OSLO
  •  Post Date: 10. December 2024
  •  Expire date: 5. January 2025
Job Description

Published 10-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Rådgivar (fast stilling)

Om stillinga 

Vi har ledig ei fast stilling i avdeling for vidaregåande opplæring, fagskule og kompetansepolitikk, i seksjon for styring og utdanningsstøtte.

Stillinga passar for deg som liker å koordinere arbeidsprosessar og trivast med eit høgt tempo. Du vil jobbe saman med andre kollegaer i
seksjonen og avdelinga, og også samarbeide med fleire av dei underliggande verksemdene til departementet. 
 
Som tilsett i avdelinga får du moglegheit til å jobbe med fleire ulike saker. Nokre saker hastar, til dømes ved presseførespurnader der statsråden treng fakta. Andre saker har lengre tidshorisont, som til dømes å planlegge korleis me endrar på budsjett, regelverk eller styringsdokument for å implementere politiske avgjerder i åra framover.

Arbeidsoppgåver

Vi kan tilby mange interessante, utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene vil variere litt etter kven du er og kva som skjer i departementet, men du kjem til å jobbe med mange ulike oppgåver innanfor ansvarsområda til avdelinga.

  • Koordinere den formelle etatsstyringa av verksemder under departementet, dvs. utforme tildelingsbrev og følgje opp administrative og økonomiske saker i dialog med verksemdene
  • Hjelpe leiinga i avdelinga i den løpande dialogen med underliggande verksemder om oppgåver, oppdrag og prioritering
  • Førebu bakgrunnsinformasjon til møte mellom departementet og aktørar som vil møte oss, og også bidra til å følgje opp i etterkant
  • Skrive notat til den politiske leiinga i departementet om saker som statsråden ønsker å få greidd ut, eller om korleis vi bør følgje opp
    vedtak i Stortinget eller regjeringa

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • har høgare utdanning på mastergradsnivå, eller realkompetanse som svarer til dette
  • har god samfunns- og rolleforståing rundt politiske, administrative og økonomiske prosessar i styring av staten
  • liker å koordinere prosessar og jobbe utoverretta mot kollegaer i andre seksjonar og avdelingar
  • kan tenkje nytt og komme med alternative løysingar
  • er god til å skrive, trivst med å legge fram saker munnleg og har gode digitale ferdigheiter

For å trivast og lykkast hos oss må du også

  • vere god til å samarbeide med andre og gjere andre gode gjennom samarbeid
  • trivast med å jobbe sjølvstendig, ta initiativ og ikkje vere redd for å stille spørsmål
  • vere ein ryddig og strukturert person

Det er ein fordel om du har jobba i eit departement eller direktorat tidlegare.

Personlege eigenskapar som gjer søkaren eigna for stillinga, blir vektlagt.

For stilling som rådgivar stiller vi som hovudregel krav om minst to års relevant arbeidserfaring.

For denne stillinga må du kunne autoriserast for nivå AVGRENSA i tråd med føresegnene til tryggingslova. Meir informasjon om autorisasjon etter tryggingslova finst på nettsidene til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM): Autorisasjon – Nasjonalt tryggingsorgan (nsm.no)

Vi tilbyr

Vi tilbyr ein meiningsfull og utfordrande jobb i kryssingspunktet mellom fag og politikk, og høve til  å bidra til samfunnsutviklinga. Stillinga legg godt til rette for fagleg og personleg utvikling, og du blir del av eit engasjert fagmiljø. Arbeidsmiljøet i departementet er ope og inkluderande, og vi verdset kompetansedeling og god tilbakemeldingskultur.

Vi tilbyr også

  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • breidt tilbod av faglege og sosiale tiltak og moglegheit for trenining i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne,- forsikrings- og pensjonsordningar

Vi held til i moderne lokale med ope kontorlandskap i Kvadraturen i Oslo sentrum. Du kan lese meir om å jobbe i Kunnskapsdepartementet på regjeringa.no.

 

Lønn: Stillinga er lønna som rådgivar frå kr 600 000 – 740 000  pr år. Stillings- og lønnsinnplassering heng saman med erfaring og kvalifikasjonar. 

Frå lønna går 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Mangfald og inkludering

Kunnskapsdepartementet er oppteke av inkludering, likestilling og mangfald, og ønsker å vere ein arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, hol i CV og etnisk bakgrunn. Kunnskapsdepartementet er ei IA-bedrift, og i dette ligg det blant anna at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det trengst. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske og fysiske hjelpemiddel eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Alle kvalifiserte søkarar vil bli vurderte.

Vi oppfordrar deg som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn til å krysse av i aktuell kategori. Avkryssingar i jobbsøkarportalen er grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane.   

Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.

Slik søker du

Send søknaden din elektronisk via lenka «Søk stillinga» på denne sida. Vitnemål, attestar, etc. skal registrerast i portalen. Vi ber om at du hentar ut ein digitalt signert PDF frå Vitnemålsportalen med utdanningsresultata dine, og lastar han opp når du søker på stillinga. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). 

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at namn kan bli offenteggjort sjølv om ein søkar har bede om å ikkje bli førd opp på søkarlista. Søkaren vil i så fall bli orientert om dette på førehand.

Kunnskapsdepartementet publiserer dokument på begge målføre for å fremje likestilling mellom dei norske språka. Søkjarar står fritt til å velje om dei vil skrive søknaden på bokmål eller nynorsk.

Kontaktperson

For nærare opplysningar om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør Torkel Nybakk Kvaal, tlf: 905 01 995, e- post: tnk@kd.dep.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kunnskapsdepartementet orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Kunnskapsdepartementet har ansvar for barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, fagskule, høgare utdanning, voksnes læring, kompetansepolitikk og forsking. Departementet har òg overordna styring, kontroll og tilsyn med ei rekke underliggande etatar og verksemder. Kunnskapsdepartementet har om lag 300 tilsette fordelte på seks avdelingar, kommunikasjonseining og staben til departementsråden.

Arbeidet til departementet bygger på verdiane profesjonalitet, openheit og gjennomføring. Meir informasjon om departementet finst på www.regjeringa.no.
 

Avdeling for vidaregåande opplæring, fagskule og kompetansepolitikk har ansvar for strategi- og politikkutvikling og forvaltningsoppgver på område vidaregåande opplæring, høgre yrkesfagleg utdanning, kompetansepolitikk, voksnes læring og utdanningsstøtte.

Seksjon for styring og utdanningsstøtte har etatsstyringsansvar for Lånekassa og 2. juli-senteret, og eit medansvar for å følje opp Utdanningsdirektoratet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Seksjonen har og det faglege ansvaret for å følgje opp støtteordninga gjennom Lånekassa.

Webside https://www.regjeringen.no/no/dep/kd/jobb-i-kunnskapsdepartementet/id2076085/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted OSLO (Adresse: Kirkegata 18 Postnr: 0032)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/61b7875a-dc8a-4678-b3e9-9ec4b2d8be87
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269683